Kva er diabetisk ketoacidose?

Diabetisk ketoacidose er ein av dei mest alvorlege komplikasjonane ved diabetes. Det kan oppstå når kroppen manglar hormonet insulin.

Insulin gjer at cellene kan ta opp sukker frå blodet. Dersom cellene ikkje får tatt opp sukkeret, stig blodsukkeret. Sidan cellene ikkje klarar å bruke sukker, begynner kroppen å bryte ned feitt for å få alternativ energi.

Denne prosessen fører til danning av keton. Når keton hopar seg opp i blodet, blir blodet farleg surt (acidose). Det er dette som kallast diabetisk ketoacidose.

Diabetisk ketoacidose rammar oftast personar med diabetes type 1. Hos nokon kan ketoacidose vere det første teiknet på diabetes type 1.

Også dei med diabetes type 2 kan få ketoacidose, men då vanlegvis i samband med ein akutt, alvorleg sjukdom.

Symptom på diabetisk ketoacidose

Om du brukar insulin, eller har eit barn som brukar insulin, er det viktig å kjenne igjen symptoma på ketoacidose. Symptoma utviklar seg ofte i løpet av nokre timar. 

Vanlege symptom på diabetisk ketoacidose er at du:

  • tissar oftare enn vanleg 
  • er ekstremt tørst og drikk meir enn vanleg 
  • er slapp eller føler deg svak 
  • er kvalm eller kastar opp 
  • har vondt i magen 
  • har ei fruktaktig lukt av pusten 
  • er forvirra 

Om du har diabetes, skal du alltid kontrollere blodsukkeret og mengda keton om du kjenner deg kvalm eller kastar opp.

Ved mistanke om diabetisk ketoacidose må du kontakte legevakta eller ringe 113 med ein gong.

Årsaker til diabetisk ketoacidose

Den vanlegaste årsaka til diabetisk ketoacidose er at kroppen får for lite insulin. Dette kan skje dersom:

  • insulindosen er for låg
  • insulinbehandling blir avbroten, til dømes ved sjukdom
  • kroppen treng mer insulin enn vanleg, som ved infeksjon

Infeksjonar kan auke insulinbehovet vesentleg. Om du er sjuk og er usikker på korleis du skal justere insulindosen, bør du kontakte legen din eller ein diabetessjukepleiar. Det er lurt å ha ein eigen plan for blodsukkermåling og insulinbruk til når du er sjuk.

Andre forhold som kan auke risikoen for ketoacidose er:

  • alvorlege sjukdomar som hjarteinfarkt eller hjerneslag
  • enkelte medisinar, blant anna kortisonpreparat som prednisolon
  • ei gruppe diabeteslegemiddel kalla SGLT2-hemmarar

Korleis kan du førebygge ketoacidose?

Følg blodsukkeret tett ved infeksjonar

Dersom du får ein infeksjon, aukar kroppen sitt behov for insulin. Då må insulintilførselen justerast for å unngå ketoacidose. Om du har omgangssjuke er du ekstra utsett, fordi kroppen mistar væske når du kastar opp eller har diaré. I tillegg kan symptoma ved ketoacidose likne på omgangssjuke (kvalme, oppkast, magesmerter).

Sjekk insulinpumpa

Dersom blodsukkeret ditt plutseleg blir veldig høgt og du har ei insulinpumpe, bør du sjekke pumpa. Insulintilførselen kan ha stoppa, til dømes fordi kateteret har glidd ut eller slangen har blitt bøygd. Kontroller også at pumpa er riktig stilt inn, slik at du får rett dose insulin.

Sjekk vevsglukosemålaren

Sensorar som måler sukkernivået i vevet (CGM) kan vise feil. Du bør kontrollere blodsukkeret med stikk i fingeren om du har ein vevsglukosemålar og verdien frå sensoren din ikkje stemmer med korleis du kjenner deg.

Ta pause frå SGLT2-hemmar dersom du er sjuk

SGLT2-hemmarar blir brukt ved diabetes type 2 og kan i sjeldne tilfelle føre til ketoacidose sjølv utan at du har svært høgt blodsukker. Dette skjer også oftast om du har ein annan akutt sjukdom samtidig.

Har du diabetes type 2 og brukar diabetesmedisinen SGLT2-hemmar, bør du derfor pause medisinen om du blir akutt sjuk. Du skal heller ikkje bruke medisinen 3–4 dagar før ein stor operasjon.

Ver forsiktig med ketogen diett

Ketogen diett (kosthald med svært lågt innhald av karbohydrat) kan auke risikoen for ketoacidose om du har diabetes type 1. Snakk med legen din før du startar på ein slik diett.

Utgreiing og diagnose

Det blir tatt blod- og urinprøver av deg hos legen eller på sjukehus for å måle nivå av:

  • blodsukker
  • keton
  • syre i blodet (“blodgass”, blir berre målt på sjukehus)

I nokre tilfelle kan det vere nødvendig med fleire undersøkingar, til dømes EKG for å vurdere hjarterytmen.

Behandling av diabetisk ketoacidose

Diabetisk ketoacidose er ein akutt tilstand som nesten alltid skal behandlast på sjukehus. På sjukehuset vurderer dei kva slags behandling du treng. Vanlege behandlingar er væsketilskot og insulinbehandling.
 
Fordi diabetisk ketoacidose ofte fører til at du blir uttørka, kan du få intravenøst drypp med væske og viktige salt direkte i blodet.
 
Treng du insulin for å stoppe danninga av keton, får du insulinet i små dosar så blodsukkeret fell gradvis og kontrollert.

Ved milde eller moderate symptom kan du få insulin som injeksjonar med jamne mellomrom.

Ved alvorlege symptom får du vanlegvis insulin som kontinuerleg intravenøst drypp.

Går diabetisk ketoacidose over?

Dei fleste blir heilt friske etter behandling for diabetisk ketoacidose. Etter behandlinga blir du overvakt på sjukehus til tilstanden din er stabil.

Diabetesforbundet

Diabetesforbundet jobber for at du med diabetes skal få behandlingen og støtten du trenger. 

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Diabetisk ketoacidose (syreforgiftning). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 13. oktober 2026 [henta søndag 15. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/diabetes/diabetisk-ketoacidose/

Sist oppdatert 13. oktober 2026

Fann du det du lette etter?