Synsproblem etter hjerneslag

Synsproblem er vanleg etter ein hjerneskade. Det kan også vere eit teikn på akutt hjerneslag. Opplever du eit plutseleg tap av synet til ei side, i eitt auge, eller dobbeltsyn skal du ringje 113.

Kva synsproblem kan du få etter eit hjerneslag?

Auga våre er viktige for å sjå, men det er hjernen vår som tolkar det auga ser og hjelper oss til å forstå det vi ser. Derfor kan du få problem med synet både når auga eller hjernen er skadd. 

Synsproblem kan gjere vanlege ting vanskelegare 

Har du problem med synet, kan det gjere vanlege ting vanskelegare. Du kan slite med å lese eller sjå på tv, vurdere avstand til ting, snakke med folk, ete utan å søle, eller å enkelt finne fram når du er inne eller ute. 

Synsproblem kan gjere at du får dårleg balanse, fell meir, kjenner deg trist, og har vanskeleg for å gjere ting du liker på eiga hand. Du kan også berre oppleve at ting blir meir slitsamt og tek lenger tid.

Hjernen kan også vere problemet, ikkje berre synet ditt

Det er viktig å hugse på at synsproblem ikkje alltid tydar at det er noko gale med auga dine. Problemet kan vere korleis hjernen tolkar det auga ser. Så sjølv om auga dine er fine, kan du framleis ha problem med synet fordi hjernen din har endra seg.

Synet har endra seg

Det er vanleg at du kanskje ikkje forstår at synet ditt har endra seg etter hjerneslaget. Det kan også vere at du trur problema kjem andre ting av du veit kan skje etter hjerneslag. Mange lever derfor med problem dei ikkje er klar over at kjem av synet. Derfor er det viktig at synet ditt blir undersøkt av helsepersonell så tidleg som mogleg etter hjerneslaget.

Symptom på synsproblem etter hjerneslag

Etter hjerneslag og andre hjerneskadar, får mange problem med synet. Her er dei mest vanlege symptoma:   

  • Du ser ikkje like klart som før (redusert skarpheit i synet). 
  • Du mistar synet til ei side (høgre eller venstre), eller i eitt auge. 
  • Du ser ting dobbelt eller skjelar. 
  • Du overser ting på ei side (høgre eller venstre). 

Andre vanlege symptom som kan komme av eit synsproblem er: 

  • Du treng meir lys enn før 
  • Du blir lett blenda av lys.   
  • Du har problem med å sjå ting med dårleg kontrast. 
  • Du har problem i dårleg lys eller i skumring. 
  • Du har problem med djupnesynet (til dømes når du skal ta eller helle i ein kopp). 
  • Du mistar synet på eitt auge. 
  • Du merkar ikkje ting rundt deg på ei side (neglekt). 
  • Du ser ting som ikkje er der (hallusinasjonar). 
  • Du held hovudet på skakke for å sjå betre. 
  • Du lukkar eit auge for å sjå betre. 
  • Du har vondt eller blir fort sliten i hovudet og auga. 
  • Auga dine kjenst tørre. 
  • Du har ikkje lyst til å lese, gjere ting som krev at du ser godt, eller sjå på tv. 
  • Du har problem med å finne vegen. 

Diagnose av synsproblem etter hjerneslag

Etter eit hjerneslag kan du få problem med synet, men du merkar det kanskje ikkje sjølv. Derfor er det viktig å få auga sjekka raskt. 

For å unngå å gå med uoppdaga synsproblem etter hjerneslaget må synet ditt bli undersøkt ved hjelp av ulike metodar. Desse metodane kartlegg synsfunksjonar som skarpsyn (visus), synsfelt, augerørsler og samsyn, i tillegg til visuell merksemd (neglekt).   

Om du har problem med synet, kan du få hjelp til å sjå betre. Mange treng nye, oppdaterte briller, til dømes lesebriller. Nokre synsproblem kan hjelpast med spesielle øvingar som kan forbetre synet ditt eller hjelpe deg til å utnytte restsynet ditt betre. 

Viss du får hjelp med synsproblema dine, vil du også få betre nytte av andre delar av opptreninga etter hjerneslaget.

Kva er eit hjerneslag?

Hjerneslag oppstår ved at blodtilførselen til hjernen din plutseleg stoppar opp. Dette kan skje på grunn av ein blodpropp, eller fordi ei blodåre i hjernen sprekk. Etter berre nokre minutt byrjar hjernecellene å døy fordi dei ikkje får nok oksygen.  

Ein stor del av hjernen din blir brukt til å forstå det du ser. Om du får ein skade i hjernen, kan det endre korleis du ser ting. Kor mykje det endrar seg avheng av kvar skaden er i hjernen, og kor stor skaden er.   

Kvart år får 12 000 nordmenn hjerneslag. Dei fleste av dei er over 75 år, og 6 av 10 opplever problem med synet. Av dei som opplever synsproblem, får 

  • over halvparten problem med å sjå ting klart.   
  • ein tredel mistar delar av synsfeltet sitt.   
  • ein tredel får problem med å styre auga sine, og kan sjå dobbelt  
  • ein tredel får problem som redusert merksemd eller å vere kjenslevar for lys. 

Mange kan få problem med fleire enn eitt symptom. 

Rehabilitering og opplæring

Om du har eit synsproblem, finst det moglegheiter for å forbetre situasjonen.

Synsrehabilitering

Har du eit synsproblem etter hjerneslag, bør du få tilbod om synsrehabilitering. Du kan få hjelp av optikarar, augelegar, ortoptistar og synspedagogar. I nokre høve kan du også få hjelp av andre helseprofesjonar som har ein tilleggskompetanse på syn.  

Rehabilitering av synsproblem etter hjerneslag handlar om tre ting:  

  1. Vinne tilbake: Du prøver å få tilbake den tapte synsfunksjonen din. 
  2. Kompensere: Du lærer nye teknikkar for å bruke det synet du framleis har. Dette blir tilrådd om du har mista synsfeltet eller har redusert merksemd (neglekt)  
  3. Erstatte: Du brukar hjelpemiddel, som briller, forstørringsglas eller tekniske verktøy, for å hjelpe deg med å sjå betre.  

Synet ditt påverkar heile rehabiliteringa di 

Mange får både fysiske problem og synsproblem etter hjerneslag. Godt syn er viktig for mange andre funksjonar som mellom anna balanse og orientering, derfor er god synsoppfølging viktig for resultatet av anna rehabilitering etter hjerneslag. 

Det er viktig at dei som hjelper deg med rehabilitering veit om synsproblema dine. Då kan dei ta omsyn til dette når dei hjelper deg med andre delar av rehabiliteringa. Godt syn er viktig for å trene balanse og gjere daglege aktivitetar. Det er også viktig når du testar og trenar språk og kognisjon. Her kan rette lesebriller vere veldig nyttig. 

Tilbod om rehabilitering

Det kan vere litt vanskeleg å få oversikt over dei ulike tilboda for synsrehabilitering som finst i dag. Det er forskjellar mellom ulike kommunar. Fleire rehabiliteringsstader har ikkje spesialistar på synsrehabilitering. 

Du kan få meir informasjon om synsrehabilitering og kven som kan hjelpe deg med dette på Norsk nettverk for syn og slag si nettside

Norges blindeforbund har eit nasjonalt tilbod for rehabilitering av hjernerelaterte synsvanskar ved syns- og meistringssenteret sitt i Hurdal. 

Ta kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) eller vaksenopplæringa der du bur, om du har spørsmål om tilboda deira.

Kva kan du gjere sjølv?

Kjenn igjen symptoma på eit hjerneslag. 

Får du eller andre rundt deg plutseleg problem med å prate, smile, løfte eller sjå, må du ringje 113!   

Eit plutseleg synsproblem kan vere teikn på akutt hjerneslag, til dømes dersom du plutseleg mistar delar av synsfeltet ditt eller ser dobbelt. Då er det viktig å handle raskt, innan 2 timar. Kor fort du kjem til sjukehuset kan påverke kor god du blir etterpå. 

Få synet ditt sjekka

Om du trur du har problem med synet, er det viktig at du får det sjekka. Dette kan gjerast på sjukehuset, under rehabilitering, eller etter at du er komen heim. På sjukehuset kan dei gjere ein enkel sjekk av synet ditt for å sjå om du har eit synsproblem. Om dei finn eit problem, bør dei sende dei deg til ei synsundersøking. 

Å få ei skikkeleg synsundersøking er viktig. Undersøkinga kan skje hos ein optikar eller augelege. Dei kan undersøkje synet ditt meir nøyaktig, og sjå om det er andre grunnar til at du har problem med synet. Dei kan også gi deg informasjon om korleis synet ditt har endra seg, og om du treng nye briller.

Har du fått synsfeltutfall?

Mange med synsfeltutfall forstår ikkje at dei manglar delar av synsfeltet. Då kan dei tru at dei ser alt dei treng, men dei kan ha problem med å finne ting, eller kollidere med ting. Det er viktig at du får god informasjon om kvifor dette skjer og korleis du kan kompensere i kvardagen.

Har du fått dobbeltsyn?

Mange opplever at auga ikkje samarbeider. Dette kan føre til at du ser to av ting eller at noko du ser på sklir frå kvarandre. Du kan også får problem med djupnesynet, til dømes når du heller vatn i eit glas eller går i ute i ujamt terreng. Det er viktig at du får god informasjon om kvifor dette skjer og korleis du kan kompensere i kvardagen.   

Mange får god hjelp av synsrehabilitering og synstrening der du også kan lære strategiar for å bruke synet ditt best mogleg. Dette blir oftast gjort av ein optikar, synspedagog eller ortoptist.

Rowe FJ, Hepworth LR, Howard C, Hanna KL, Cheyne CP, Currie J. High incidence and prevalence of visual problems after acute stroke: An epidemiology study with implications for service delivery. PLoS One. 2019 Mar 6;14(3):e0213035. doi: 10.1371/journal.pone.0213035. PMID: 30840662; PMCID: PMC6402759. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Synsproblem etter hjerneslag. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 23. februar 2024 [henta tysdag 23. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hjerneslag/synsproblemer-hjerneslag/

Sist oppdatert fredag 23. februar 2024