Fotsopp
Fotsopp er ein hudinfeksjon som smittar lett. Vanlege symptom er flassande og kløande hud mellom tærne. Fotsopp bør behandlast raskt for å hindre at det spreier seg.
Kva er fotsopp?
Fotsopp er ein smittsam hudinfeksjon forårsaka av soppen dermatofyttar. Soppen lever av keratin som er eit protein som finst i negler, hud og hår. Føtene gir gode forhold for at soppen kan gro, då dei ofte er varme, litt fuktige og fulle av keratin.
Ubehandla fotsopp kan spreie seg til neglene og gi naglesopp. Soppen kan også spreie seg til andre stadar på kroppen.
Fotsopp er vanleg hos ungdom og vaksne, men sjeldan hos barn. Utslett på føter hos barn blir ofte forveksla med atopiske vinterføter.
Symptom på fotsopp
Fotsopp kan gi symptom som tørr, flassande, oppsprokken og kløande hud på føtene, særleg mellom tærne. Det kan også oppstå ubehageleg lukt.
I sjeldnare tilfelle kan huda på føtene bli fortjukka og du kan få blemmer. Smerter og raud, hoven hud kan vere teikn på tilleggsinfeksjon med bakteriar.
Råd for å unngå smitte av fotsopp
Du kan lett bli smitta ved å gå berrføtt i garderobar og dusjar på treningssenter og svømmehallar. Soppen kan også smitte frå person til person ved direkte hudkontakt.
Råd som kan førebygge fotsopp:
- Tørk føtene godt etter dusj, også mellom tærne.
- La føtene få luft når du kan.
- Byt til reine sokkar kvar dag.
- Ta alltid av sveitte sko og sokkar etter bruk.
- Bruk sandalar i offentlege garderobar.
- Bruk sokkar av bomull eller ull.
- Bruk sko som passar og pustar godt.
Undersøking og behandling av fotsopp
Du kan behandle fotsopp med ein soppdrepande krem som du smør på foten. Dette får du kjøpt reseptfritt på apoteket. Behandlinga tek ofte to veker. Dersom du ikkje blir betre, bør du oppsøke lege for å vurdere behandling.
Det er viktig å behandle fotsopp, slik at det ikkje spreier seg og for å unngå å smitte andre. Infeksjonen kan spreie seg til neglene og gi naglesopp. Det er vanskelegare å behandle.
Har du symptom på fotsopp, og huda blir varm, raud og hoven, bør du oppsøke lege. Då kan du ha fått ein bakteriell infeksjon i tillegg.
Har du diabetes er godt stell av føtene viktig for å unngå infeksjonar.
Aarebrot S. (2026). Tinea. Legemiddelhåndboka.