Naglesopp

Vanlege symptom på naglesopp er tjukke, sprø og gulkvite negler. Naglesopp er ufarleg, men kan vere skjemmande. Dei fleste har nytte av behandling.

Bilde av neglesopp

Kva er naglesopp?

Naglesopp er ein soppinfeksjon i neglene. Dette er den same soppen som gir fotsopp. Soppen som forårsakar desse infeksjonane lever på varme, fuktige stadar, som til dømes i dusjen og på golva i svømmehallar og garderobar.

Fotsopp smittar lett mellom folk som deler same garderobe eller ved direkte hud til hudkontakt av infisert område.

Tidleg behandling gjer det lettare å bli kvitt infeksjonen. Ubehandla kan nokre få med fotsopp utvikle naglesopp. Ubehandla over lang tid kjem det gjerne spreiing til fleire negler. Er infeksjonen utbreidd kan det ta fleire månadar å behandle han.

Symptom på naglesopp

Vanlege symptom på naglesopp er at neglene er 

  • sprø 
  • tjukke 
  • kvite 
  • gule 

Huda rundt naglen kan bli raud, og av og til fell naglen av. Infeksjonen er vanlegare på tærne enn på fingrane. 

Ein fortjukka nagl kan gi smerter. Dersom tærne er hardt ramma, kan det vere smertefullt å ha på sko. Av og til spreier soppen seg til tærne og fotsolen. 

Når bør du kontakte lege?  

Dersom du har diabetes og trur du kan ha fått naglesopp, bør du oppsøke lege. Diabetes kan skade nervar og små blodårar i føtene. Det kan derfor ta lang tid før naglesoppen blir heila med behandling. 

Når kroppen sitt eige forsvar (immunforsvaret) er svekt, bør naglesopp takast alvorleg. Har du hiv eller AIDS eller får cellegift (kjemoterapi) eller andre immundempande middel, er du meir utsett for infeksjonar og bør derfor oppsøke lege. 

Du kan ta ei prøve av naglen hos legen for å avkrefte eller bekrefte om det er sopp. Prøva vil òg vise kva type sopp det er.

Fotsopp

Fotsopp er ein infeksjon som kan gi flassande og kløande hud på føtene. Du bør behandle infeksjonen så raskt som mogleg, for å hindre at han spreier seg og blir vanskelegare å behandle.

Førebyggande behandling mot fotsopp og naglesopp

Tørre hender og føter er det beste vernet mot naglesopp. Det finst fleire råd for å førebygge naglesopp:

  • Ta av skoa når du er heime og la tærne få lufte seg.
  • Bruk sko som passar og pustar godt.
  • Ikkje lån andre sine sko.
  • Byt sokkar kvar dag, spesielt dersom det er varmt.
  • Soppen som forårsakar naglesopp døyr vanlegvis over 60 grader i vaskemaskina. Sokkar og joggesko kan desinfiserast ved vask.
  • Tørk føtene godt, spesielt når du har dusja eller bada andre stadar enn heime.
  • Unngå å gå berrføtt på offentlege stadar, som treningssenter og svømmehallar. Bruk sandalar i svømmehall og i dusjen.
  • Ikkje lån andre sine handkle. 

Behandling av naglesopp

Det finst fleire behandlingar mot naglesopp.

Kremar, lotion og liniment 

I Noreg blir først og fremst brukt naglelakk med amorolfin som lokalbehandling av naglesopp. Dette kan vere eit godt alternativ når soppen sit på enkeltnegler og infeksjonen berre dekker ytste 2/3 av naglen. Moglege biverknadar er hevelse, kløe og smerte rundt naglen. Behandlinga må gjennomførast kvar dag i fleire månadar.

Anna lokalbehandling heiter ciclopiroks og terbinafin (reseptfritt). Behandlingstida er vanlegvis seks månadar på fingernegler og ni til tolv månadar på tånegler.

Desse behandlingane gir færre biverknadar, men er mindre effektive enn behandling i tablettform.

Behandling med medisinar 

Den mest effektive behandlinga mot naglesopp er reseptbelagde tablettar. Det er ofte nødvendig med behandling i fleire månadar, ved alvorlege infeksjonar i inntil eitt år. I Noreg blir vanlegvis brukt terbinafintabletter.

6 av 10 blir kvitt naglesoppen etter tre månadars behandling. Dersom behandlinga held fram i seks månadar, vil 9 av 10 bli soppfrie.

Medisinane vil ikkje endre utsjånaden til naglen på kort sikt, men dei drep soppen slik at naglen etter kvart kan gro normalt ut igjen. Dette kan ta fleire månadar.

Tablettar mot sopp kan gi biverknadar som diaré, mageplager og mildt utslett. Det er heldigvis sjeldan at soppmiddel gir alvorlege biverknadar, men terbinafin kan gi alvorleg leverskade og i verste fall død. Risikoen er høgare hos personar med høgt blodtrykk, depresjon og schizofreni. Blodprøver som viser leververdiar må derfor takast regelmessig under behandlinga. Ved kvalme, oppkast, trøyttleik, magesmerter eller mørk urin må du kontakte lege.

Tablettane gir òg ein svært liten risiko for hjartesvikt. Kontakt derfor lege dersom du blir tung i pusten, går opp i vekt, hovnar opp i føtene og kjenner deg svak og trøytt og stundom forvirra.

På grunn av alvorlege biverknadar ved bruk av terbinafin, vel nokon å leve med naglesoppen og slipe ned den fortjukka naglen framfor å ta tablettar.

Prognose

Behandlinga tek lang tid og nokon får tilbakefall etter ei vellukka behandling.

Dersom neglene fell av, kjem dei ikkje tilbake før soppen er borte. Det kan ta inntil eitt år.

Dersom naglesoppen ikkje plagar deg, kan du la vere å behandle han. Det er ikkje farleg, dersom du ikkje har immunsvikt, men naglesoppen kan spreie seg til andre tær over tid.

Neglesopp. Helsebiblioteket, 2025.

Fungal nail infections (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Naglesopp. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 29. juli 2025 [henta onsdag 13. august 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hud-og-har/neglesopp/

Sist oppdatert tysdag 29. juli 2025