Ebola

Ebola er ein alvorleg og ofte døyeleg infeksjon, som kjem av eit virus. Ebola-utbrotet i Vest-Afrika i 2014 er det største til no, og ramma tusenvis av menneske. Sjansen for å bli smitta i Noreg er minimal. 

Kva er ebola?

Ebola er ein alvorleg, ofte døyeleg infeksjon som kjem av eit virus. Ebola smittar gjennom direkte kontakt med kroppsvæsker frå ein smitta person. Desse kroppsvæskene omfattar blod, urin, avføring og oppkast. 

 

Korleis smittar ebola?

Under eit utbrot smittar ebolaviruset frå person til person gjennom direkte kontakt med blod og andre kroppsvæsker. Det vil seie at i utbrotslanda er det særleg husstandsmedlemer til dei sjuke, og personar som steller dei døde, som blir smitta. I tillegg er helsepersonell som behandlar dei sjuke utan tilstrekkelege smitteverntiltak, utsette for smitte. 

Ebolavirus smittar ikkje i inkubasjonstida, det vil seie i tida frå ein er smitta til sjukdomen gjev symptom. Smittefaren aukar utover i sjukdomsforløpet og er størst i blødingsstadiet på grunn av auka sjanse for å kome i kontakt med blod og andre kroppsvæsker frå den sjuke. 

Smittar ikkje via luftsmitte 

Ebolavirus blir ikkje spreidd gjennom lufta, til dømes når nokon hostar eller nys, eller gjennom uformell kontakt, som å vere i same bygning som nokon med ebola eller å passere dei på gata. 

Symptoma utviklar seg innan 21 dagar etter at viruset kjem inn i kroppen. Dersom nokon som har vore i nærleiken av ein sjuk person ikkje har utvikla symptom i løpet av denne tida, har dei ikkje vorte smitta. 

Kva er symptoma på ebolavirussjukdom?

Symptom på ebolavirussjukdom er

  • sterk hovudverk
  • høg feber
  • slappheit
  • muskelsmerter
  • oppkast
  • diaré
  • utslett 

Etter 5–7 dagar kan det oppstå indre og ytre blødingar. 

Døyelegheita ved ebolavirussjukdom synest å liggje på 50–60 prosent. Tida frå smitte til symptom, inkubasjonstida, er vanlegvis 2–21 dagar. 

Finst det noka behandling?

Det finst inga godkjend spesifikk behandling mot ebolavirussjukdom. Behandlinga består i god pleie og behandling av symptom på sjukehus. I samband med det pågåande utbrotet i Vest-Afrika har Verdas helseorganisasjon uttalt at det kan aksepterast bruk av enkelte ikkje-godkjende legemiddel som har vist lovande resultat i laboratorie- og dyreforsøk. 

Spørsmål og svar om ebola

Korleis oppstår eit utbrot av ebola? 

Ebola-viruset finst i ei rekkje ville dyreartar i Afrika. Utbrot kan oppstå når eit menneske blir smitta av eit dyr. Deretter kan smitta overførast frå person til person gjennom direkte kontakt med blod og andre kroppsvæsker frå ein som er sjuk. Smittefaren er størst når den sjuke har blødingar. Det første utbrotet av ebola var i 1976. Sidan den gong har det vore mange mindre utbrot i Afrika. 

Korleis skader ebolaviruset kroppen? 

Immuncellene er dei som blir infiserte først, men etter kvart angrip viruset også andre celler i kroppen. Levra er det organet der celleskaden er mest utbreidd, men også milt, lunger og nyrer blir skadde. Åreveggen til dei tynne blodkara (kapillæra) blir skadde, noko som gjev lekkasje av plasma og blødingar. Etter kvart kan dette føre til at kroppen går i sjokktilstand. 

Forløpet ved ebolasjukdom avheng av mange faktorar, blant anna immunforsvar, smitteveg, smittedose og arvelege faktorar hos den smitta. Ved alvorleg forløp utviklar det seg multiorgansvikt og sjokk. 

Kan ebola spreiast ved flyreiser? 

Ebola smittar ikkje via luftsmitte, og det er derfor ingen risiko for å bli smitta gjennom luftanlegget dersom ein sit i same fly som ein ebolasmitta. Dersom ein ebolasmitta har reist med fly, vil helsestyresmaktene likevel følgje opp passasjerar som har sete i nærleiken av den smitta. Grunnen til dette er at medpassasjerar som har sete nær den sjuke, kan ha vorte utsette for kontakt med kroppsvæsker frå den smitta. 

Må eg ta spesielle forholdsreglar når eg kjem heim frå eit land med ebolautbrot? 

Dersom du er frisk og ikkje har teikn til sjukdom, treng du ikkje ta nokon forholdsreglar. Det er ikkje mogleg å ta blodprøvar av friske personar for å sjå om ein har vore i kontakt med viruset. 

Kva gjer eg dersom eg blir sjuk etter heimkomst frå eit land med ebolautbrot? 

Dersom du kjem frå eit område med ebolautbrot og utviklar symptom etter å ha kome til Noreg, skal du ringje 113 og ikkje oppsøkje lege eller sjukehus på eiga hand. Informer om kvar du har vore på reise. 

Eg ventar besøk av nokon som bur i eit land som har ebolautbrot. Må eg ta særskilde forholdsreglar? 

Dersom dei er friske og ikkje har teikn til sjukdom, treng du ikkje ta nokon forholdsreglar. Det er ikkje grunnlag for å frårå å ta imot gjestar eller andre personar frå område med utbrot. Det er heller ikkje grunn for å teste eller isolere personar som kjem frå desse områda, så lenge dei ikkje har vore i kontakt med ein som er ebolasjuk. Dersom du har besøk av ein person frå eit av landa med ebolautbrot og personen utviklar symptom etter å ha kome til Noreg, skal du ringje 113 og ikkje oppsøkje lege eller sjukehus på eiga hand. 

Korleis er beredskapen i Noreg dersom det skulle kome eit ebolatilfelle i Noreg? 

Dersom eit ebolatilfelle blir påvist i Noreg hos ein som har opphalde seg i eit utbrotsområde, vil personen bli raskt følgt opp. Det er liten risiko for at sjukdomen vil spreie seg vidare her i landet. Noreg har ein god beredskap for å handtere ein slik situasjon. 

Eg skal reise til eit land som har ebolautbrot. Korleis kan eg beskytte meg mot sjukdomen? 

Ved utbrot av ebolavirus er det svært liten risiko for smitte til turistar eller andre som oppheld seg i landet utan å vere i nær kontakt med sjuke. 

Personar som oppheld seg i eit område med ebolavirusutbrot bør unngå:

  • kontakt med sjuke personar
  • deltaking i gravferdsritual som inkluderer direkte kontakt med den døde dersom det er mistenkt/stadfest at den døde hadde ebola
  • nær kontakt med ville dyr, både levande og døde (inkludert aper, antiloper, gnagarar og flaggermus)
  • holer og andre typiske tilhaldsstader for flaggermus
  • inntak av såkalla bushmeat, det vil seie kjøt frå ville dyr som er drepne ved jakt 

God handhygiene er som alltid viktig for å unngå smitte. 

Er det farleg å gå på toalettet der ein ebolasjuk har vore? 

Det vil vere ein viss smitterisiko dersom det er synleg avføring, urin, blod eller anna kroppsvæske frå den ebolasjuke personen inne på doen og ein får dette inn i seg via slimhinner eller sår i huda. 

Kan ebola smitte ved at ein ebolapasient til dømes har teke på ein gjenstand? 

Det er svært lite sannsynleg lenge ein ikkje får synleg kroppsvæske som blod eller oppkast frå ein ebolasjuk person inn i munn, nase, auge eller sår i huda. Det er vist i laboratoriestudiar at ebola kan overleve i nokre timar overflater i romtemperatur, men det er aldri påvist smittsamt ebolavirus overflater utanfor eit laboratorium. 

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Ebola. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 6. juni 2023 [henta fredag 1. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/infeksjon-og-betennelse/ebola/

Sist oppdatert tysdag 6. juni 2023