Zikafeber (zikavirus)

Zikafeber er ein infeksjonssjukdom som kjem frå zikavirus. Symptoma er vanlegvis milde, men zikafeber hos gravide gjev auka risiko for ein alvorleg fosterskade som blir kalla mikrokefali. Skaden inneber at barnet blir fødd med liten hovudskalle og underutvikla eller liten hjerne.

Bilde av mygg

Oppsummering

Myggtypane som kan føre viruset vidare, finst ikkje i Noreg. Det er derfor ikkje grunn til bekymring for spreiing her i landet, sjølv om det har vorte registrert tilfelle av sjukdom i Noreg hos personar som har vore i utbrotsområda.
Dei store utbrota av zikafeber, som ein observerte i mange delar av verda i 2015 og 2016, har gått tilbake. Undersøkingar har likevel vist at zikavirus kan førekome som sporadiske tilfelle i uoversynleg framtid i store delar av det amerikanske kontinentet, Søraust-Asia og enkelte område i Afrika og Oseania.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet

Symptombilete

Symptoma er som regel milde og varer i 2–7 dagar med:

  • feber
  • utslett
  • leddsmerter
  • augebetennelse

Nokre få kan utvikle nevrologiske og komplikasjonar som Guillain-Barrés syndrom.

Kva anna kan det vere?

Symptoma kan vere vanskelege å skilje frå andre myggoverførte sjukdomar som denguefeber og chikungunyafeber.

Smitte og inkubasjonstid

Zikaviruset smittar vanlegvis til menneske ved myggstikk.

Viruset kan i sjeldne tilfelle også smitte seksuelt både frå menn og kvinner.

Tida frå smitte til utbrot av sjukdomen er vanlegvis 3–12 dagar.

Risikofaktorar og førebygging

Korleis førebyggje zikafeber?

Det finst ingen vaksine mot zikavirus og inga spesifikk behandling. Vern mot myggstikk er derfor det einaste førebyggjande tiltaket. I motsetning til malariamyggen, bit myggen som spreier zikaviruset også om dagen.

Myggstikk kan best førebyggjast ved å:

  • bruke klede som dekkjer heile kroppen, til dømes langerma skjorte, lange bukser og sokkar
  • bruke myggmiddel, eventuelt ved å sove under myggnett og sprøyte bustaden med insektmiddel
  • bruke myggmiddel også på dagtid, og gjenta innsmørjinga dersom du sveittar

Godt myggstikkvern er spesielt viktig for gravide, og for personar med immunsvikt eller alvorlege kroniske infeksjonar. Denne pasientgruppa bør som alltid rådføre seg med legen sin før reise.

Førebygging av seksuell smitte

Zikaviruset kan i sjeldne tilfelle smitte seksuelt. Bruk av kondom i zikaområde ved seksuell aktivitet vil redusere risikoen for smitte.

Råd til blodgjevarar

Blodgjevarar som har vore i område med utbrot eller aukande førekomst av zikafeber, skal avstå frå blodgjeving i minst 28 dagar etter å ha forlate området.

Blodgjevarar som har hatt ubeskytta seksuell kontakt med ein person som

  • har vore diagnostisert med zikafeber, eller
  • har vore i område med utbrot, eller aukande førekomst, av zikafeber i løpet av ein 6 månaders periode forut for den ubeskytta seksuelle kontakten

skal avstå frå blodgjeving i minst 28 dagar etter siste ubeskytta seksuelle kontakt.

Råd til gravide om zikafeber

Zikafeber er for dei aller fleste ein mild sjukdom med feber og utslett, men det er brei vitskapleg semje om at gravide som blir smitta med zikavirus, kan overføre viruset til fosteret, som kan føre til mikrokefali og andre nevrologiske komplikasjonar.

Mikrokefali er ein nevrologisk tilstand hos nyfødde som inneber at hovudskallen er liten, som resultat av at hjernen har utvikla seg unormalt i fosterlivet.

Låg risiko

Risikoen for at gravide blir smitta med zikaviruset ved reise er låg, men sidan konsekvensane ved smitte kan bli store for fosteret, tilrår norske helsestyresmakter gravide å utsetje ikkje-nødvendige reiser til område der zikaviruset kan førekome.

Det er tilrådd at alle gravide som har vore i område med zikavirus, blir testa ved heimkomst, og at dei som har vore i zikaområde og som ønskjer å bli gravide, tek forholdsreglar etter heimkomst.

Tilrådingane frå norske helsestyresmakter om reise til endemiske (avgrensa) strøk eller område for zikavirus er på linje med eksisterande tilrådingar for gravide som planlegg reise til område med malaria. Som zikafeber, kan malaria vere skadeleg for mor og foster under graviditet.

Råd etter heimkomst frå område med utbrot eller aukande førekomst

Gravide som har vore i landet eller har vorte gravide under opphaldet, bør få teke ein zikatest hos fastlegen. Dersom partnar også har vore i eit zikaområde, bør han bruke kondom eller avstå frå seksuell aktivitet under heile graviditeten. Alternativt kan mannen få teke ein test tidlegast 4 veker etter heimkomst. Kondom bør brukast fram til testresultat ligg føre.

Menn som har vore i landet og har ein gravid seksualpartnar, bør bruke kondom eller avstå frå seksuell aktivitet under heile graviditeten. Alternativt kan mannen få teke ein test tidlegast 4 veker etter heimkomst. Kondom bør brukast fram til testresultat ligg føre.

Kvinner som har vore i landet bør vente 8 veker etter heimkomst før dei blir gravide. Dersom mannen har vore i område med zikaførekomst, bør paret vente 6 månader før graviditet. Dersom paret ikkje kan vente, kan test tilbydast tidlegast 4 veker etter heimkomst. Kondom bør brukast fram til testresultat ligg føre.

Folkehelseinstituttets temaside om zika

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Zikafeber (zikavirus). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 9. januar 2020 [henta fredag 1. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/infeksjon-og-betennelse/zikafeber-zikavirus/

Sist oppdatert torsdag 9. januar 2020