Bronkiolitt
Bronkiolitt er ein luftvegsinfeksjon hos babyar og små barn. Infeksjonen kjem vanlegvis av Rs-virus. Eit vanleg symptom er at barnet får tung pust.
Kva er bronkiolitt?
Bronkiolitt er ein infeksjon i luftrøyra i lungene til barnet. Infeksjonen kjem ofte av Rs-virus.
Det er hovudsakleg barn under to år som får bronkiolitt. Infeksjonen er smittsam, og dei fleste blir smitta om vinteren.
Symptom på bronkiolitt
Bronkiolitt gjer luftvegane trongare, gir slim og fører til at barn kan streve med pusten. Vanlege symptom er at barna får
- tung pust
- hoste og pipelydar frå brysta
- kraftig forkjøling
- rennande nase
- lett feber
- nedsett allmenntilstand
- slappheit
Nokre barn kan få meir alvorlege pusteproblem.
Når bør du oppsøke helsehjelp?
Ta kontakt med legen om du er bekymra for barnet ditt. Ser du at barnet ditt brukar mykje krefter på å få luft, er tette i brystet eller pustar tungt er det viktig å kontakte lege raskt.
Kontakt også lege dersom barnet strevar med å ete eller drikke.
Undersøking og behandling av bronkiolitt
Barn blir stort sett friske av seg sjølve etter 1-2 veker. Pass på at barnet får kvile og får i seg nok væske.
Nokre barn blir lagde inn på sjukehuset. Der overvaker helsepersonellet pusten til barnet, og passar på at barnet får i seg nok væske og næring.
Nokre barn har problem med pusten og får ekstra oksygen på sjukehuset. Nokre har behov for intravenøs væske, for å få i seg nok næring.
Metodebok for legevakten i Oslo. Bronkiolitt. Oslo legevakt; [hentet 18.08.2026]. Tilgjengelig fra: https://metodebok.no/emne/0bcb3d8bd36452ec2f82/bronkiolitt/metodebok-for-legevakten-i-oslo