Kva er E. coli-tarminfeksjon?

Det finst nokre grupper av E. coli som ikkje finst i den naturlege tarmfloraen vår, og som kan vere årsak til ulike typar tarminfeksjonar hos menneske. Dei fem vanlegaste gruppene av sjukdomsframkallande E.coli-bakteriar heiter EHEC, EIEC, EPEC ETEC og EAEC.

EHEC er den typen E. coli-bakterie som vi har høyrt mest om i media. Nokre former av EHEC-bakterien kan i sjeldne tilfelle gi alvorlege komplikasjonar i form av den alvorlege nyresjukdomen hemolytisk-uremisk syndrom (HUS), spesielt hos barn og eldre. Andre typar av EHEC-bakterien kan gi mildare sjukdomsbilete.

ETEC førekjem hovudsakleg i utviklingsland og kan vere årsak til turistdiaré hos personar frå industrialiserte land som besøker utviklingsland.

Symptom

E. coli-tarminfeksjon er i dei fleste tilfelle ufarleg, men ein sjeldan gong kan infeksjonen gi alvorleg sjukdom.

E. coli kan gi diaré og magesmerter, og i nokre tilfelle blodig diaré. Barn treng ikkje ha feber, men kan vere i generelt dårleg form med slappheit, kvalme og dårleg matlyst. Diaréen kan ofte vare i fire til ti dagar hos vaksne og noko lenger hos barn.

Smitte og inkubasjonstid

EHEC- og andre typar av E. coli-bakterien kan smitte gjennom forureina mat, mellom anna frå kjøtt og kjøttprodukt av storfe, sau og geit.

I tillegg kan bakteriane smitte gjennom:

  • forureina grønsaker og salat
  • upasteurisert mjølk
  • produkt av upasteurisert mjølk
  • forureina drikkevatn

Bakteriane kan også smitte ved:

  • direkte kontakt med dyr eller via avføringa frå dyra
  • frå badevatn
  • direkte frå person til person gjennom skitne hender

Inkubasjonstid 

Tida frå du blir smitta av bakterien og til du utviklar sjukdom varierer. For EHEC opptrer symptoma vanlegvis 3-4 dagar etter smitte. For EIGEC, ETEC og EAEC er inkubasjonstida kortare.

Korleis redusere risiko for smitte frå mat og vatn?

Gjennomsteiking og gjennomkoking av mat er viktige førebyggande råd. Varmebehandling førebygger dei fleste infeksjonane som kan smitte gjennom mat og vatn, både frå bakteriar, virus og parasittar. Ver bevisst på kvar maten kjem frå, om maten frå produsenten si side er meint å etast rå eller varmebehandla, og korleis maten bør tilberedast.

Generelle råd:

  •  Vask hendene godt
    • etter toalettbesøk
    • før matlaging og måltid
    • etter handtering av rått kjøtt, både ferskt og frose
    • etter kontakt med dyr.
  • Dersom du har diaré, bør du unngå å laga mat til andre.

Når du lagar varm mat:

  • Hald rått kjøtt skilt frå andre matvarer. Dette gjeld òg rått kjøtt som har vore frose, fordi bakteriar og virus overlever frysing.
  • Vask brukte knivar, skjerefjøler og anna kjøkkenutstyr før du brukar utstyret til annan mat, for å unngå å forureine matvarer som ikkje skal varmebehandlast (til dømes salatar) med matvarer som skal varmebehandlast.
  • Gjennomsteik hamburgarar, kjøttdeig, kjøttkaker og all annan mat laga av kverna kjøtt. Mattilsynet tilrår varmebehandling til ein kjernetemperatur på 70 gradar. I kverna kjøtt blir bakteriar på overflata fordelte i heile produktet.
  • Alt kjøtt av fjørfe og svin bør gjennomsteikast før servering.
  • For andre heile kjøttstykke er det nok å steike dei godt på overflata. I heile kjøttstykke finst bakteriar berre på overflata.
  • Hugs god kjøkkenhygiene ved grilling ute òg.
  • Varm mat som skal lagrast og brukast seinare, bør kjølast raskt ned før lagring og varmast godt opp før bruk.

Når du lagar til frukt, grønsaker og bær:

  • Grønsaker, salatar, frukt og bær som skal etast rå, bør skyljast godt og tørkast dersom det er mogleg, særleg importerte varer.
  • Nokre importerte produkt, som frosne bær, bør òg varmebehandlast før dei blir etne.

Upasteurisert mjølk:

  •  Unngå upasteurisert mjølk og produkt laga av upasteurisert mjølk.

Drikkevatn:

  • Dersom du er i tvil om kvaliteten på drikkevatnet, bør du bruke flaskevatn. Dersom du ikkje har tilgang til flaskevatn, kan du koke vatnet før bruk.
  • Sjå til at vatn frå naturen er rennande, klart og utan lukt eller smak før du drikk det. Unngå vatn i nærleiken av:
    • avføring frå dyr eller døde dyr (til dømes døde lemen)
    • beitedyr eller vatn som får tilsig frå landbruk.

Ved opphald i utlandet bør du, i tillegg til råda ovanfor:

  • Unngå egg der plomma framleis er flytande, og produkt laga av rå egg, til dømes majones og aioli.
  • Sjå til at frukt er godt vaska med reint vatn og tørka.
  • Ved reiser til land med dårlege hygieniske forhold og/eller land der førekomsten av mage- og tarmsjukdommar er høg, bør du:
    • berre bruke flaskevatn, også til tannpuss
    • unngå ukokte grønsaker, salat, bær og iskrem som ikkje er meieripakka
    • unngå frukt som ikkje er skrelte
    • unngå rå skaldyr

Behandling

Det finst ikkje noka behandling mot sjølve bakterien, og du skal i utgangspunktet ikkje bruke antibiotika. Enkelte studiar tyder på at antibiotika kan gjere sjukdommen verre. Antibiotika blir berre vurdert som behandling dersom det er mistanke om at ein har ein annan bakteriell infeksjon samtidig.

Når du har diaré, får du eit stort væsketap frå tarmen. Derfor er det viktig å drikke nok væske når du har diaré. I dei mest alvorlege tilfella kan ein leggast inn på sjukehus for å få væske intravenøst.

Ved dei sjeldne tilfella med EHEC-infeksjon der ein har fått den alvorlege nyresjukdommen HUS (hemolytisk uremisk syndrom), er det nødvendig at ein blir lagd inn på sjukehus for behandling.

Sjukemelding

Personar i spesielt utsette yrkesgrupper bør ha tre avføringsprøver med negativt resultat før dei kan gå på jobb igjen dersom dei har fått påvist ein EHEC som er forbunden med alvorleg sjukdom («høgvirulent EHEC»).

Dette gjeld personar som:

  • arbeider i matvareproduksjon, serveringsstader, næringsmiddelverksemder, og lagar til eller serverer mat
  • arbeider med personar som er spesielt sårbare for infeksjon, t.d. med immunsvekte pasientar, nyfødde eller på intensivavdeling

Kvar prøve må takast med 24 timars mellomrom og første prøve tek ein tidlegast to til tre dagar etter symptomfridom.

Ved påvising av andre typar E. coli-infeksjon eller ein EHEC som ikkje er forbunden med alvorleg sjukdom («lågvirulent EHEC»), kan ein returnere til arbeid 48 timar etter siste episode med diaré og/eller oppkast.

Heime frå barnehagen

Barn som er blitt smitta med ein EHEC som er forbunden med alvorleg sjukdom («høgvirulent EHEC»), bør ha tre negative kontrollprøver før dei kan vende tilbake til barnehagen.

Barn som bur i ein husstand der nokon har fått påvist høgvirulent EHEC-infeksjon, bør haldast borte frå barnehagen til:

  • den sjuke ikkje lenger har diaré
  • ei avføringsprøve viser at barnet ikkje er smitta

Barn som har fått påvist andre typar av E. coli-infeksjon eller ein EHEC som ikkje er forbunden med alvorleg sjukdom («lågvirulent EHEC»), kan gå tilbake til barnehagen 48 timar etter at barnet ikkje lenger har diaré og/eller oppkast.

Rettar

Folketrygda dekker utgifter til legehjelp ved undersøking, behandling og kontroll av allmennfarlege smittsame sjukdommar. Det betyr at dersom du får påvist EHEC, eller nokon rundt deg har fått påvist bakterien og du bør testast, skal du ikkje betale eigendel når du går til legen.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. E. coli-tarminfeksjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 28. mai 2024 [henta torsdag 2. juli 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/ecoli/

Sist oppdatert 28. mai 2024

Fann du det du lette etter?