Kva er hemoroidar?

Hemoroidar er utvida blodårar i endetarmen eller rundt endetarmsopninga. Dersom hemoroidane er store, kan dei kome ut av endetarmsopninga. Hemoroidar i seg sjølv er vanlege og gir ofte få eller ingen plagar, men kan hos enkelte føre til smerter eller blødingar.

Symptom på hemoroidar

Små hemoroidar kan kjennest litt ubehageleg, men mange merkar ingen symptom. Større hemoroidar kan gi:

  • irritasjon, kløe og smerter i endetarmen
  • ein kul ved endetarmsopninga
  • kjensle av å aldri få tømt seg heilt når dei er på toalettet
  • blod på toalettpapiret eller i toalettskåla

Årsaker til sjukdomen

Hemoroidar kan utvikle seg når trykte i blodårane rundt endetarmen aukar. Dette skjer ofte dersom du gjentatte gongar pressar hardt under avføring, som ved treg mage. Hemoroidar er òg vanleg under graviditet.

Når bør du oppsøke helsehjelp?

Det er vanleg å sjå litt friskt blod på papiret eller i toalettskåla ved hemoroidar. Du bør kontakte fastlegen dersom du har:

  • bløding som ikkje gir seg eller kjem tilbake over tid
  • du har vedvarande endring i avføringsmønster
  • har kjensle av ufullstendig tømming etter avføring
  • du går ned i vekt utan klar grunn
  • har nedsett appetitt og generell sjukdomskjensle

Kontakt legevakt dersom du:

  • blør mykje eller fleire gongar på kort tid
  • blir svimmel eller kjenner deg dårleg

Sjølvhjelp

Du kan ofte lindre plagene sjølv.

Gode råd er:

  • Spis fiberrik mat (grovt brød, frukt og grønsaker)
  • Drikk rikeleg med væske
  • Ver fysisk aktiv
  • Gå på toalettet når du kjenner behov

Unngå å:

  • presse hardt ved avføring
  • sitte lenge på toalettet

Behandling

Fastlegen kan vurdere plagene dine, gi råd om kosthald og toalettvanar, og anbefale eller skrive ut legemiddel som lindrar symptoma. Fastlegen kan òg undersøke deg og vurdere om du treng vidare behandling. Dersom du treng meir avansert behandling, blir du vist vidare til spesialisthelsetenesta.

Kva behandling du får, kjem an på kor store hemoroidane er og kor mykje plagar du har. Mange får god hjelp av enkle tiltak.

På apoteket finst ulike kremar, salver og stikkpiller som kan lindre kløe og smertar. 

Det finst òg produkt med og utan resept som inneheld kortison og lokalbedøvande middel som kan hjelpe.

I spesialisthelsetenesta kan du få behandling som får hemoroidane til å krympe, til dømes strikkligatur, injeksjonar eller kirurgi. Val av metode vil ofte avhenge av kva som er best eigna i kvart enkelt tilfelle.

Prognose

Hemoroidar kan kome og gå i periodar, også etter behandling. Dei fleste får god symptomlindring med eigenbehandling eller medisinsk behandling, og alvorlege komplikasjonar er sjeldne. Dei fleste kan leve godt med tilstanden dersom dei følger råda for førebygging og behandling.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Hemoroidar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 17. august 2026 [henta fredag 21. august 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/hemoroider/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?