Person med after (munnskold) på innsiden av munnen.

Kva er after?

After er små sår som oppstår i slimhinnene i munnen.

Såra er ufarlege, men kan vere smertefulle og gjere det vanskeleg å ete og snakke. Det er mest vanleg å få after første gong når ein er barn eller ungdom.

 Dei aller fleste opplev å få after ein eller anna gong i livet. Somme er derimot plaga av fleire utbrot med kort tids mellomrom.

Symptom på after

Kjenneteikn på after er små, gråkvite sår på innsida av munnen, ofte med ein raud og irritert kant rundt. Såra dukkar som regel opp på innsida av leppene, kinna eller på tunga, men dei kan oppstå kvar som helst i munnhola.

After er vanlegvis små, ofte under fem millimeter i diameter. Mange opplever at smertene aukar når dei eit eller pratar.

Eksempel på munnskjold på innsiden av leppe og kinn

 

Kva anna kan det vere?

Nokon får mange, små og smertefulle sår som blir kalla herpes. Desse kjem av virus og blir behandla på ein annan måte enn after.

Bilde av forkjølelsessår rundt leppene

Forkjølelsessår (herpes)

Forkjølelsessår er smertefulle, væskende blemmer på munnen. Sårene kan være plagsomme, men de går over av seg selv.

Illustrasjon: iStockphoto

Risikofaktorar og førebygging av after

I mange tilfelle er det ikkje ein sikker utløysande årsak til after,men det finst ein del faktorar som aukar risikoen:

  • mangel på jern, folsyre eller vitamin B12
  • mangel på C-vitamin, spesielt hos eldre som ikkje får i seg rett eller nok mat
  • cøliaki
  • små skadar på innsida av munnen
  • at andre i familien ofte har after
  • følsomhet for enkelte matvarar, som sjokolade, kaffi og peanøtter
  • infeksjonar eller andre sjukdomar
  • stress

Førebygging handlar først og fremst om å redusere årsaka til at after oppstår. Ved å ha god munnhelse reduserer du risikoen for infeksjon og irritasjon i munnhola. Det kan vere nyttig å unngå mat og drikke som tidligare har ført til after.

Stress kan spele ei rolle hos nokon. Å redusere stressbelastninga kan derfor førebygge nye utbrot.

Når bør du kontakte lege?

Du bør kontakte lege dersom såra

  • ikkje gror
  • er større enn eit par millimeter
  • stadig kjem tilbake
  • dukkar opp andre stadar på kroppen

Du bør òg kontakte legen dersom du får andre symptom i tillegg til after, som feber, magesmerter eller vekttap.

Dersom barnet ditt har after og har problem med å ete, kan du få råd om ernæring hos lege eller helsesjukepleiar.

Behandling av after

Dei fleste sår gror i løpet av éi til to veker. Større sår kan ta lengre tid. Det finst tiltak som kan lindre smerta og fremskunde tilhelinga.

Klorheksidin kan verke smertelindrande og framskunde tilhelinga. Det finst fleire produkt med klorheksidin mot after som du kan kjøpe på apoteket.

Dersom du ofte er plaga, er det tilrådd å bruke ein mild tannkrem.

Nokon kan ha nytte av B12-behandling, sjølv ved normale B12-verdiar.

Munnsalve med kortison kan dempe smerter og stimulere tilhelinga.

Smertestillande medisinar

Det finst smertestillande middel i form av gel, spray og munnskyljevæske som kan påførast direkte på såra. Vanlege smertestillande tablettar som ibuprofen eller paracetamol kan òg brukast.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. After (munnskold). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 4. november 2026 [henta måndag 9. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/munn-tenner-kjeve/after/

Sist oppdatert 4. november 2026

Fann du det du lette etter?