Periodontitt (tannkjøtsjukdom)
Periodontitt er ein kronisk betennelse i vevet rundt tennene. Sjukdomen bryt gradvis ned tannfestet og kjevebeinet, og kan føre til at tennene blir lause eller fell ut.
Kva er periodontitt?
Periodontitt er ei vidare utvikling av tannkjøttbetennelse (gingivitt):
- Gingivitt er ein mild betennelse i tannkjøttet som kan gå over med god tannhygiene.
- Periodontitt er ein djupare betennelse som gir varige skadar på tannfestet.
Sjukdomen startar som regel med bakteriebelegg (plakk) langs tannkjøttranda. Dersom belegget ikkje blir fjerna, kan betennelsen spreie seg til djupare vev rundt tanna.
Symptom på periodontitt
Sjukdomen gir ofte lite smerter, spesielt i starten. Mange merkar lite før sjukdomen har kome langt.
Vanlege teikn på periodontitt er
- tannkjøtt som blør når du pussar tennene
- raudt eller hovent tannkjøtt
- dårleg ande som ikkje går bort
- tannkjøtt som trekkjer seg tilbake
- tenner som kjennest lause eller flyttar på seg
I seinare stadium av sjukdomen kan du miste tenner.
Når bør du oppsøke tannlege?
Du bør kontakte tannlege eller tannpleiar dersom
- tannkjøttet blør når du pussar tennene
- du har vedvarande dårleg ande
- tannkjøttet er hovent eller trekkjer seg tilbake
Bløding frå tannkjøttet er ikkje normalt og bør alltid undersøkast.
Årsaker og risikofaktorar
Den viktigaste årsaka er bakteriebelegg (plakk) på tennene.
Andre faktorar som aukar risikoen er
- røyking
- diabetes
- dårleg munnhygiene
- genetiske forhold
Kor raskt sjukdomen utviklar seg varierer frå person til person.
Behandling av periodontitt
Målet med behandling er å stoppe sjukdomen og hindre vidare nedbryting av tannfestet.
Vanleg behandling er
- grundig reinhald av tennene hos tannlege eller tannpleiar
- fjerning av plakk og tannstein
- opplæring i god dagleg tannhygiene
I nokre tilfelle kan det vere behov for meir omfattande behandling.
Antibiotika blir vanlegvis ikkje brukt, men kan vere aktuelt i spesielle tilfelle som tillegg til anna behandling.
Kva kan du gjere sjølv?
Du kan redusere risikoen og bremse sjukdomen ved å
- pusse tennene med fluortannkrem to gonger dagleg
- bruke tanntråd, tannstikkarar eller mellomromsbørste dagleg
- møte til jamlege kontrollar hos tannlege eller tannpleiar
- slutte å røyke
God munnhygiene er avgjerande både for førebygging og behandling.
Prognose ved periodontitt
Periodontitt kan ikkje alltid kurerast heilt, men sjukdomen kan som regel stoppast dersom du får behandling og følgjer råda frå tannhelsepersonell.
Utan behandling kan periodontitt føre til tanntap over tid.