Kva er akutt nyreskade?

Den viktigaste oppgåva til nyrene er å filtrere vekk avfallsstoff frå blodet. 

Akutt nyresvikt er når nyrene delvis eller heilt sluttar å filtrere vekk avfallsstoff frå blodet. Opphopinga av avfallsstoff kan gi helseproblem.  

Akutt nyreskade var tidlegare kjent som "akutt nyresvikt". Namnet blei forandra fordi nyrene sjeldan sviktar heilt, men i staden fungerer dårlegare enn før på grunn av delvis skade.

Symptom på akutt nyreskade

Mild til moderat akutt nyresvikt har ofte få symptom. Ved meir alvorleg nyresvikt er dei viktigaste symptoma: 

  • redusert urinmengde, du tissar mindre og mykje sjeldnare enn vanleg
  • trøyttleik
  • kvalme og oppkast
  • forvirring 
  • hevelsar i beina
  • tung pust
  • hjartebank, rask eller uregelmessig  puls 

Årsaker til akutt nyreskade

Det finnes ulike årsaker til nyresvikt. 

  • Nedsett blodtilførsel til nyrene: dette kan komme av blant anna alvorleg dehydrering, blodforgifting, eit stort blodtap eller hjartesvikt. 
  • Hinder i avløpet frå nyrene: dette kan komme blant anna av forstørra prostata hos menn eller nyrestein.
  • Skade på sjølve nyra: dette kan komme av ulike nyresjukdommar, medikament eller forgiftingar. 

Utgreiing og diagnose

Hos legen blir blodet og urinen testa for å sjekke om du har nedsett nyrefunksjon. Du kan òg trenge andre testar, til dømes ultralydundersøking for å undersøke om det er hinder i avløpet frå nyrene.

Behandling av akutt nyreskade

Akutt nyreskade kan ha fleire årsaker, og behandlinga du får avheng av den konkrete årsaka. 

Justering av væskebalanse 

Mange får behandling for å korrigere væskebalansen viss nyreskaden skuldast væskemangel. Nokre treng medisinar i tillegg.  

Er du overhydrert blir du behandla med vassdrivande legemiddel.   

Immundempande behandling og antibiotika 

I enkelte tilfelle er det angrep frå kroppen sitt eige immunsystem som forårsakar akutt nyreskade. Du får då immunhemmande behandling.  

Nokon treng antibiotika dersom infeksjon er årsaka. 

Behandling for blokkering av urinvegar eller blære 

Dersom legen mistenker at du har ei blokkering i ei nyre, må du få sett inn eit røyr (stent eller kateter) for å skape urinpassasje. Dersom det blir funne ei blokkering, treng du ein operasjon eller ein annan prosedyre for å fjerne blokkeringa. 

Dialyse 

Nokre pasientar treng dialyse dersom nyrefunksjonen blir svært redusert. Under behandlinga blir blodet filtrert gjennom ei maskin for å regulere væske-, salt- og næringsstoffbalansen i kroppen. 

Behov for dialyse ved akutt nyreskade betyr ikkje nødvendigvis at behandlinga blir varig. Mange treng dialyse berre i ein avgrensa periode medan nyrene kjem seg igjen. 

Prognose

Prognosen ved akutt nyresjukdom varierer i stor grad etter kva som var årsaka til nyresjukdomen. 

Mange får retta opp igjen det meste av eller heile nyrefunksjonen etter behandlinga og treng inga vidare oppfølging. Men ikkje alle klarer å rette opp igjen full nyrefunksjon. 

Ved kronisk nyresjukdom vurderer legen alvorsgraden og behandlar tilstanden deretter. Enkelte menneske døyr av akutt nyreskade, men risikoen er større hos dei med ein alvorleg underliggjande sjukdom som forårsaka nyreproblema. 

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Akutt nyreskade. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 17. november 2026 [henta torsdag 19. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/nyrer-og-urinveier/akutt-nyreskade/

Sist oppdatert 17. november 2026

Fann du det du lette etter?