Kvifor får du smerter i øyra når du flyg?

Dottar i øyra på flyreiser er ganske vanleg. Det gjeld særleg når flyet tar av eller landar.

Dottar og smerter i øyra kan oppstå når lufttrykket i mellomøyret ditt er annleis enn trykt utanfor øyret. Du har ein kanal frå den øvre delen av svelget til mellomøyret. Denne kallast øyretrompeten. Det er øyretrompeten som skal hjelpe deg å utlikne trykkforskjellen. Når du svelger eller brukar musklane i kjeven, opnar øyretrompeten seg. Når lufttrykket utanfor øyret endrar seg raskt, klarar ikkje øyretrompeten å utlikne trykkforskjellen raskt nok. Då blir trommehinna ståande i spenn. Dette kan gi deg intense smerter.

Hos nokon fungerer denne trykkutlikninga dårleg. Det kan vere fordi du er forkjølt, har biholebetennelse eller øyrebetennelse. Det kan òg vere medfødd.

Det skjer oftare hos barn enn hos vaksne.

Dei fleste har kortvarige smerter fordi trykkforskjellen blir etter kvart utlikna. Sjølv om du kan oppleve smertene som intense, er det ikkje farleg.

Om du veit at du alltid får sterke øyresmerter på flyreiser, bør du vurdere om det er andre måtar du kan reise på.

Symptom på øyresmerter på flyreiser

Det er ikkje uvanleg at dei som slit med øyresmerter på flyreiser òg kan kjenne på andre symptom. Det kan til dømes vere:

Behandling av øyresmerter på flyreiser

Om du vanlegvis får øyresmerter når du flyg, er det fleire ting du kan prøve:

  1. Du kan bruke slimløysande tablettar eller nasespray. Det kan fungere førebyggande. Dette kan du kjøpe reseptfritt på apoteket.
  2. Du kan bruke kjeven aktivt. Til dømes kan gjesping eller tygging hjelpe til med å jamne ut trykte. Du kan til dømes tygge tyggegummi.
  3. Yngre barn kan drikke noko med sugerøyr. Spedbarn kan suge på ei flaske eller ein smokk.
  4. Du kan prøve å blåse ut av nasen samtidig som du held nasen og munnen din lukka. Det kan hjelpe til med å jamne ut trykket i øyret ditt. Det er viktig at du ikkje blæs kraftig ut med lukka nase, for det kan i verste fall føre til at trommehinna sprekk.

Går smertene over?

Som regel forsvinn øyresmertene etter at flyet har landa. Det er svært sjeldan at trykket fører til at du får eit hol i trommehinna di.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Øyresmerter under flyreiser. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 31. august 2026 [henta torsdag 3. september 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/ore-nese-hals/oresmerter-under-flyreiser/

Sist oppdatert 31. august 2026

Fann du det du lette etter?