Cerebral synshemming (CVI)

CVI er ikkje ein spesifikk sjukdom, men heller ein måte å beskrive korleis synet fungerer når det er påverka av skade eller unormal utvikling i hjernen.

Kva er cerebral synshemming?

CVI er ikkje ein spesifikk sjukdom, men heller ein måte å beskrive korleis synet fungerer når det er påverka av skade eller unormal utvikling i hjernen. Dette kan påverke korleis hjernen handsamar synsinformasjon, som til dømes korleis vi tolkar det vi ser rundt oss.  

I Noreg, og andre vestlege land, er den mest vanlege årsaka til synsproblem hos barn knytt til hjernen. Dette blir kalla Cerebral Visual Impairment (CVI), eller cerebral (hjerne) synshemming, på norsk.

I denne videoen får du ei kort innføring i kva hjernesynshemming er.

Symptom på CVI

Barnet kan ha utfordringar med å oppfatte, omarbeide, kjenne igjen og tolke informasjon med synet. Nokon kan oppføre seg som om dei er blinde, medan andre kan ha utfordringar med visuelle oppgåver. Dette varierer frå person til person. 

For å kunne oppdage CVI må den funksjonelle delen av synet bli undersøkt. Barn med CVI kan streve med å sjå sjølv om det ikkje er påvist noko gale med auga.  

Nokre typiske åtferdstrekk hos barn med CVI:

  • Synsåtferda varierer frå dag til dag, eller frå aktivitet til aktivitet. 
  • Barnet har ikkje blikkontakt med deg. 
  • Barnet ser mot spesifikke fargar, til dømes sterke eller neonfargar.  
  • Barnet er oppteke av og ser mykje mot lyskjelder. 
  • Barnet har større visuell merksemd mot gjenstandar som er i rørsle 
  • Barnet har større interesse for kjende ting, enn for nye ting som blir presentert.  
  • Barnet synest det er utfordrande å bruke to sansar samtidig, og koplar ut synet for å heller bruke til dømes høyrsel- og kjenslesansen. 
  • Barnet kjenner ikkje igjen objekt ved å berre bruke synet, men må kjenne på objektet. 
  • Det er utfordrande for barnet å bruke syn og motorikk samstundes. Til dømes ved å skrive, lese eller leggje puslespel.  
  • Barnet har problem med å kjenne igjen familie eller venner berre ved bruk av synet.  
  • Barnet har utfordringar med å skilje figur frå form, eller små detaljar frå ein heilskap. 

Behandling av CVI

arn som har CVI har høvet til å utvikle evna til å forstå og tolke synsomgivnadene sine. 

Det er viktig at barnet får ei brei kartlegging av til dømes augelege, optikar, synspedagog og nevropsykolog for å finne ut korleis auga fungerer. Det er viktig at du og legen set i gang tidleg for å støtte synsutviklinga til barnet slik at synet kan få ein best mogleg føresetnad til å utvikle seg.  

Barn som er fødd for tidleg, eller som har cerebral parese har auka risiko for å ha CVI, og bør få ei grundig synsundersøking. Denne undersøkinga bør helst vere ein del av ei tverrfagleg utgreiing som inkluderer andre sansar.  

Rehabilitering og opplæring

Kvart barn treng individuelle tiltak. Det er viktig å finne tiltaka som kan bidra til at synet til barnet utviklar seg og som kan kompensere for synsvanskane barnet ditt har.

Kva kan du gjere sjølv?

Om du eller barnet ditt opplever å ha symptom på CVI, må du ta kontakt med legen din, så du finn ut av det så snart som mogleg.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Cerebral synshemming (CVI). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 23. februar 2024 [henta onsdag 22. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/oyesykdommer/cerebral-synshemming-cvi/

Sist oppdatert fredag 23. februar 2024