Angst hos barn og unge

Angst er overdriven frykt og bekymring, og kan føre til mykje ubehag. Angst kan påverke barn og ungdom sin livskvalitet heime, på skulen og blant vener. Dersom angst pregar deg så sterkt at det avgrensar deg mykje i kvardagen, kan du ha ei angstliding. Det finst ulike typar behandlingar som kan hjelpe.

Oppsummering

Å kjenne seg redd av og til er heilt normalt. Frykt gjer at kroppen og sinnet raskt førebur seg på ei utfordring eller ein fare. Nokre menneske blir redde for så mange ting at det blir eit problem i kvardagen. Det hindrar dei i å gjere dei tinga dei elles ville ha gjort. Då kallar vi det angst.

Det er viktig å finne ut av korleis du gradvis kan byrje å kjenne deg mindre redd. Nokre klarer dette på eiga hand, mens andre får det til i samarbeid med vaksne som kan mykje om årsakene til angstproblem. Dersom det er vanskelege eller vonde opplevingar som har skapt angsten i utgangspunktet, så bør du også få hjelp med å handtere desse opplevingane.

Angst er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom, og varierer frå milde til alvorlege plager. Å få meir kunnskap om angst kan vere til god hjelp.

Symptom på angst hos barn og unge

Det finst forskjellige typar angst.

  • Nokre får angst av bestemte ting eller situasjonar, som sprøyter, edderkoppar, ta heis eller vere i store folkemengder.
  • Bekymringar, rastløyse, uro og irritabilitet utan at du veit kva du er redd for, kan også vere ei form for angst.
  • Nokre får også plutselege panikkanfall.

Årsaker

Angstplager kan oppstå som følgje av belastningar i kvardagen, og det er alltid viktig å vurdere slike plager opp mot den totale livssituasjonen din.

Av og til kan du vere mykje redd fordi du opplever eller har opplevd skremmande og forvirrande ting.

Andre gonger har angsten oppstått litt tilfeldig, og så har det vorte gradvis verre, heilt til det er vanskeleg å kontrollere.

Behandling

Når du er veldig mykje redd, er det viktig å forstå kvifor det har vorte sånn, og kva som kan gjere ting betre. Det viktigaste er å ta tak i og utforske angsten, og ikkje forsøke å springe frå han. Ein kan utfordre han - slik som til dømes ved fobiar - eller snakke og tenkje saman om vonde og skremmande opplevingar.

Milde til moderate angstplager blir vanlegvis behandla i kommunen, det vil seie hos ein kommunepsykolog eller på helsestasjon for ungdom. Moderate til alvorlege angstplager gjev rett til behandling i barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling på sjukehuset (BUP).

Hjelpetilbod og råd

Når du har det vanskeleg, er det viktig å hugse på at det finst mange som kan og ønskjer å hjelpe. Ei grei setning å bruke for å be om hjelp kan vere «Eg har det vanskeleg og treng å snakke med nokon som kan hjelpe meg.»

Foreldre

Dei aller fleste foreldre ønskjer at barn skal ha det bra. Ungdom held det ofte hemmeleg eller privat dersom dei strevar, og då får ikkje foreldra sjansen til å hjelpe. Sjølv når foreldre veit om vanskane, veit dei ikkje alltid kva dei skal gjere.

Dei fleste som hjelper ungdom med psykiske vanskar, ønskjer at foreldre bidreg og blir involverte i arbeidet for at du skal få det betre. Det kan vere lurt å vere open for at foreldra blir involverte.

Vener

Vener kan bidra med støtte og hjelp, men mange synest det er flautt å fortelje venene sine at dei strevar. Å vere open om dei tinga du slit med, kan bidra til at du får det betre. Det viser seg ofte at andre har opplevingar som kan minne om det du sjølv strevar med.

Skule

På skulen finst det ei rekkje vaksne som kan hjelpe. Den lettaste staden å starte er hos ein lærar. Lærarar har god oversikt over kva for tilbod som finst på skulen.

Mange skular har også rådgjevarar, miljøarbeidarar og skulehelseteneste eller helsesjukepleiar som du kan snakke med om kva som helst. Alle skular er tilknytte pedagogisk psykologisk teneste (PPT) der det jobbar pedagogar og psykologar.

Alle desse vaksne kan du treffe dersom du tek kontakt med dei. Lærar, rådgjevar og helsesykepleier har oversikt over korleis du kan ta kontakt. Berre spør den du stoler på mest.

Kommunepsykolog og helsestasjon for ungdom

I mange kommunar finst det kommunepsykologar og andre som hjelper ungdom med psykiske plager. Tilbodet varierer frå kommune til kommune, og informasjon om dette kan du få på kommunen si heimeside eller ved å spørje ein vaksen på skulen.

BUP

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) gjev behandling for psykiske lidingar. BUP har poliklinikkar fordelte over heile landet. Dersom du er redd for at du har ei psykisk liding, kan du avtale ein time hos fastlegen din.

Fastlegen vil skrive eit brev til BUP for deg ut frå det du (og eventuelt foreldra dine) fortel. Du kan også få eit slikt brev frå PPT, barnevernet eller ein psykolog i kommunen.

Andre hjelpetilbod

Tilbodet for ungdom som strevar, er forskjellig i kvar kommune. Nokre stader har familiesenter, andre har team som jobbar med ungdom på skulen, eller ungdomsarbeidarar på fritidsklubbar.

Det enklaste er å snakke med ein vaksen du stoler på. Dei har ansvar for å finne fram til det hjelpetilbodet du treng.

Prognose

For ein del barn og ungdom vil angstplagene gå over av seg sjølv, eller når dei får hjelp med aktuelle påkjenningar i livet. Andre treng tiltak og behandling spesifikt for angsten. I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst.

Innhaldet er levert av Helse Stavanger HF

Helse Stavanger HF. Angst hos barn og unge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 29. november 2022 [henta laurdag 24. februar 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/psykiske-lidelser/angst/angst-hos-barn-og-unge/

Sist oppdatert tysdag 29. november 2022