Kva er essensiell tremor?

Essensiell refererer til "ukjend" og tremor til "skjelving". Essensiell tremor er ei ufrivillig, rytmisk skjelving som vanlegvis oppstår når du brukar musklane aktivt, til dømes når du held ein kopp, skriv eller strekk ut armane. Vanlegvis forsvinn skjelvinga i kvile.

Tilstanden kan vere arveleg og utviklar seg ofte langsamt over mange år. Den debuterer oftast hos vaksne, men hos enkelte kan det debutere allereie i barne- og ungdomsåra.

Symptom på essensiell tremor

Dei mest typiske symptoma er skjelving:

  • i hender og armar (ofte på begge sider)
  • som blir tydelegare ved aktiv muskelbruk og ved finmotoriske oppgåver
  • som forverrast av stress, emosjonelle situasjonar og når du er trøytt

Nokre opplever òg skjelving av hovud, stemme, kjeve eller andre delar av kroppen. Nokre merkar at alkohol dempar skjelvinga mellombels.

Årsaker til essensiell tremor

Årsaka er ikkje fullt ut kjend. Mykje tyder på at arvelege faktorar spelar ei viktig rolle, og mange har slektningar med same tilstand. Likevel kan tilstanden òg oppstå utan kjend familiær bakgrunn.

Tilstanden er kronisk og blir langsamt meir plagsam med åra. Dei fleste med essensiell tremor har milde plagar som ikkje krev behandling. For andre kan det bli så plagsamt at det påverkar funksjonen i kvardagen. I dei tilfella bør ein vurdere oppstart av legemiddel som kan dempe skjelvingane.

Utgreiing og diagnostisering

Diagnosen blir stilt gjennom:

  • samtale og klinisk undersøking der skjelvinga blir observert
  • blodprøver for å utelukke andre årsaker (til dømes stoffskiftesjukdom)
  • CT eller MR for å utelukke at skjelvinga ikkje har andre årsaker (i somme tilfelle)

Det finst inga blodprøve eller røntgenbilete som stadfestar essensiell tremor direkte. Diagnosen er derfor eit resultat av sjukehistorie og klinisk undersøking.

Behandling av essensiell tremor

Behandlinga blir tilpassa graden av plager.

Behandling med medisinar

Propranolol, ein type betablokker, kan dempe skjelvinga. Enkelte medikament opphavleg utvikla for epilepsi kan vere eit alternativ dersom propranolol enten ikkje har god nok effekt eller gjev biverknader.  

Behandling med kirurgi eller MR rettleia fokusert ultralyd av hjernen

Ved plagsam skjelving og utilstrekkeleg effekt av behandling med medisinar, kan enten kirurgi med djup hjernestimulering (DBS) eller MR rettleia høg-intensitet fokusert ultralyd (MRgFUS), vere aktuelt for enkelte.

Kirurgi vert utført ved Rikshospitalet og St. Olavs hospital, medan MRgFUS kun tilbys ved Rikshospitalet. Det er nevrolog som tilviser til desse behandlingane. 

Å leve med essensiell tremor

For mange er symptoma milde, men andre kan oppleve utfordringar i kvardagen.

Nokre råd kan vere til hjelp:

  • Reduser koffein, som kan forsterke skjelvinga.
  • Prøv avspenning, yoga eller teknikkar som reduserer stress.
  • Bruk tyngre bestikk og koppar for betre kontroll.
  • Skriv på PC, om finmotorikk er vanskeleg.

Mange lever heilt normale liv med essensiell tremor, men nokre kan trenge tilrettelegging i arbeid eller skule. Det viktigaste er å vite at tilstanden er vanleg, ikkje farleg og at hjelp finst.

Innhaldet er levert av Helse Stavanger HF

Helse Stavanger HF. Essensiell tremor (skjelving). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 10. april 2026 [henta tysdag 21. april 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/skader-og-sykdommer-i-hjernen/skjelvinger-essensiell-tremor/

Sist oppdatert 10. april 2026

Fann du det du lette etter?