Kva er akutt prostatitt?

Akutt prostatitt betyr at prostatakjertelen er blitt betent, som oftast på grunn av ein bakterieinfeksjon. Prostatakjertelen ligg mellom urinblæra og penis, rett framfor endetarmen (rektum).

Symptom på akutt prostatitt

Vanlege teikn er som regel brå start av: 

  • Smerter rundt penis, testiklar, anus eller i bekkenet.
  • Verk eller ubehag i korsryggen.
  • Vanskeleg eller smertefullt å tisse. 

I tillegg til smerter kan du få feber, frysningar og generell sjukdomskjensle. 

Årsaker til akutt prostatitt

Akutt prostatitt skuldast som regel ein bakterieinfeksjon som spreier seg frå urinvegane. 

Du har større risiko for å utvikle akutt prostatitt dersom du tidlegare har hatt urinvegsinfeksjon eller har problem med å tømme blæra. Risikoen for akutt prostatitt er også større dersom du har fått sett inn eit urinkateter eller teke ei vevsprøve frå prostata. 

Undersøking og diagnose

Legen undersøker prostata ved å forsiktig plassere ein finger inni endetarmen og kjenner på prostata. Det blir som regel også tatt urinprøve for å undersøke om det finst bakteriar som kan forklare infeksjonen. Blodprøver kan også bli aktuelt.

Behandling av akutt prostatitt

Akutt prostatitt blir behandla med antibiotika. Retningslinjene tilrår behandling i rundt to veker. Ved teikn på alvorleg infeksjon eller blodforgifting (sepsis) treng du behandling på sjukehus. 

Du kan bruke smertestillande medisinar som paracetamol for å lindre smerter og feber. Ibuprofen kan også hjelpe, men passar ikkje for alle. 

Kontakt lege dersom det blir vanskeleg å tisse.  Dersom du ikkje klarer å tisse i det heile tatt må blæra bli tømt med kateter. 

I sjeldne tilfelle kan det utvikle seg ein abscess i prostata. Ein abscess er ein byll -  eit holrom fylt med puss, bakteriar og daudt vev. Då kan det vere nødvendig med kirurgisk drenering av prostatakjertelen.

Prognose ved akutt prostatitt

Dei fleste blir friske etter antibiotikabehandling. For å unngå komplikasjonar er det viktig å få rask behandling. Nokre få kan få ein langvarig eller tilbakevendande infeksjon i prostata. Andre kan få langvarige smerter i bekkenområdet, sjølv om infeksjonen er borte.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Akutt prostatitt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 19. november 2026 [henta måndag 23. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/underliv/prostatitt-akutt/

Sist oppdatert 19. november 2026

Fann du det du lette etter?