Sopp i underlivet

Den mest vanlege plaga ved soppinfeksjon i underlivet er endra utflod frå skjeden. Du kan òg klø og kjenne deg sår. Soppen er vanlegvis enkel å behandle, men hos enkelte kvinner kjem han stadig tilbake.

Kva er underlivssopp?

Hos dei fleste kvinner er soppinfeksjon i underlivet (candidavaginitt) forårsaka av ein gjærsopp som heiter Candida albicans. Candida er vanlegvis ufarleg, og han lever naturleg på kroppen. Men blir det for mykje av denne gjærsoppen, fører det til betennelse i skjeden. Soppinfeksjon i underlivet oppstår ofte etter ein antibiotikakur.

Soppinfeksjon i skjeden kan overførast til ein seksualpartnar. Synlege symptom for menn er utslett på penis og ei kjensle av at penis er tørr. Dette kan behandlast med antisoppkrem som du får på apoteket. Dersom begge har soppinfeksjon, kan dei smitte kvarandre fram og tilbake. Derfor bør begge behandlast samtidig. Likevel vil dei fleste soppinfeksjonar hos kvinner oppstå ved overvekst av sopp i hennar eiga mikrobiologiske flora. Derfor vil ein ikkje behandle menn som ikkje har symptom.

Underlivssopp er vanlegvis lett å behandle. Kjem han stadig tilbake, er det ein risiko for underliggjande sjukdom, for eksempel diabetes. Oppsøk lege dersom dette gjeld deg.

Symptom på underlivssopp

Det mest vanlege symptomet på sopp i underlivet er utflod frå skjeden. Han er vanlegvis tjukk og kvit, nesten som cottage cheese, men enkelte kvinner får òg klar utflod. Området utanfor skjeden, vulva, kan òg kjennast sårt og klø. Tilstanden blir då kalla vulvovaginitt.

Har du symptom for første gong eller er usikker på årsaka, bør du bestille time hos legen din.

Behandling for underlivssopp

Dei mest vanlege legemidla mot sopp i underlivet er kremar eller stikkpillar til skjeden (vagitoriar).

Kremar og stikkpillar inneheld ofte eit medikament frå ei gruppe legemiddel som kallast imidazolar. Dette får du reseptfritt på apoteket. Du treng kanskje berre éin dose. Du set ei stikkpille djupt inn i skjeden når du legg deg om natta. Det er òg mogleg å bruke stikkpillar under menstruasjonen. Dei færraste får biverknader, men lokal irritasjon i skjeden kan førekomme. Det er ikkje farleg å bruke legemidla dersom du er gravid eller ammar.

Dersom du stadig får soppinfeksjonar, kan du få Flukonazol på apoteket. Dette er ein reseptfri kapsel som du svelgjer, og han kan fjerne underlivssopp med berre éin dose. Ein studie fann at rundt ein fjerdedel av kvinnene fekk biverknader som hovudverk, magesmerter eller kvalme. Du bør ikkje ta flukonazolkapslar dersom du er gravid.

Dei som er svært ofte plaga, kan få råd om å bruke legemiddelet regelmessig.

Sjølvhjelp og råd

Gjærsoppen som er årsak til underlivssopp, veks best under varme, fuktige forhold. Det er derfor tilrådd å bruke laustsitjande bomullsundertøy i staden for tights for å førebyggje candidaoppvekst.

Her finn du fleire generelle råd for å motverke kløe i underlivet.

Det finst fleire naturmiddel som blir selde mot candida, men verknaden er ikkje dokumentert. Nokre kan verke lokalt irriterande.

Prognose

Sopp i underlivet er ikkje farleg og forsvinn vanlegvis med behandling. Sjølv utan behandling blir det ofte betre av seg sjølv. Soppinfeksjonen er lokal og vil ikkje ha nokon innverknad på fosteret under ein graviditet. 

Soppinfeksjon i underlivet (candidavaginitt). Helsebiblioteket, 2023. 

Thrush (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2018.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Sopp i underlivet. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 21. desember 2022 [henta fredag 1. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/underliv/underlivssopp/

Sist oppdatert onsdag 21. desember 2022