Forside
  • Bokmål
  • English
  • Nynorsk

Helseopplysningar som blir delte

Her finn du helseopplysningar og journaldokument om deg som blir delte mellom behandlingsstadar gjennom nasjonale tenester som Kjernejournal og Reseptformidlaren.

Logg inn for å sjå helseopplysningane om deg

Les meir om helseopplysningar som blir delte.

Meir om tenesta

  • Denne tenesta krev samtykke til tilgangsnivå Basis eller høgare.

    Du kan sjå og endre samtykket ditt under personverninnstillingane.

  • Du kan gi andre fullmakt til å sjå og registrere opplysningar på dine vegner, og du kan få tilsvarande fullmakt frå andre.

    Denne tenesta krev fullmakt til "Innsyn i opplysningar".

    Finn meir informasjon om fullmakter.

  • Tenesta kan brukast på vegner av barn som du har foreldreansvar for, fram til dei fyller 16 år, dersom minst ein av foreldra er folkeregistrerte på same adresse som barnet. Frå barnet fyller 12 år mistar du tilgang til opplysningane som blir delte via kjernejournal, og du mistar tilgang til logg over bruk.

    Les meir om å bruke Helsenorge på vegner av barn.


    Frå 16 år

    Når den du har foreldreansvar for har fylt 16 år, har du ikkje lenger tilgang til helseopplysningane deira. For å få tilgang kan ungdommen sjølv logge seg inn på Helsenorge, eller gi deg fullmakt.

  • Hemmeleg adresse blir ofte kalla «fortruleg adresse» eller «adressesperre».

    Denne tenesta er tilgjengeleg for personar med fortruleg adresse (kode 7) og strengt fortruleg adresse (kode 6), men du har ikkje tilgang til logg over bruk.

    Om du bur på fortruleg eller strengt fortruleg adresse, kan du ikkje bruke Helsenorge på vegner av andre. Andre kan heller ikkje bruke Helsenorge på dine vegner.

Fann du det du lette etter?