Korleis fungerer tenesta?

Når du tek ei prøve eller ei undersøking, finn du resultatet av denne under Prøvesvar, som er ein del av tenesta Prøver og undersøkingar. Dette gjeld uansett kva behandling du får, eller kven som har bestilt prøva eller undersøkinga.

Du får eit varsel frå Helsenorge når svaret på prøva eller undersøkinga di er klar. Legen kontaktar deg dersom det er behov for å gå gjennom prøvesvaret ditt.

Prøvesvara blir delte med dei som behandlar deg

Med tenesta Prøvesvar får helsepersonell enklare tilgang til prøvesvara dine. Dette kan vere nyttig om du har ein kronisk sjukdom eller eit komplekst behandlingsforløp. Det kan òg vere viktig om du har behov for akutt hjelp, til dømes på legevakta. 

Sist oppdatert onsdag 17. desember 2025