Korleis fungerer tenesta?

Når du tek ei prøve eller ei undersøking, finn du resultatet av denne under Prøver og undersøkingar.På sikt vil dette gjelde uansett kva behandling du får, eller kven som har bestilt prøva eller undersøkinga. Alle som er involvert i behandlinga di, har tilgang til prøvesvaret ditt.

Du får varsel første gongen eit prøvesvar er klart på Helsenorge. Etter det må du sjølv velje om du ønsker å få varsel om prøvesvar.

Prøvesvara blir delte med dei som behandlar deg

Med tenesta Prøver og undersøkingar får helsepersonell enklare tilgang til prøvesvara dine. Dette kan vere nyttig om du har ein kronisk sjukdom eller eit komplekst behandlingsforløp. Det kan òg vere viktig om du har behov for akutt hjelp, til dømes på legevakta. 

Sist oppdatert 17. desember 2025

Fann du det du lette etter?