Dette er Timeavtalar på Helsenorge
På Helsenorge kan du sjå, bestille og avbestille timeavtalar du har med fastlege, hos kommunen og på sjukehus.
Kva timar du ser i lista og kven du kan bestille time hos, avheng av om sjukehuset, fastlegen eller kommunen din tilbyr dette på Helsenorge.
Timar hos fastlegen
Om fastlegen din tilbyr det, kan du enkelt bestille time via Helsenorge. Du kan òg avbestille timar og sjå timar du har hatt.
Timar hos kommunen
Om kommunen din tilbyr det, kan du sjå oversikt over timar
- ved helsestasjon/jordmortenesta
- for besøk frå heimetenesta
- på Helsestasjon for ungdom
- for vaksinasjon
Timar på sjukehus
Du kan sjå timar du har på sjukehus.
For nokre timar kan du òg
- stille spørsmål om timen
- be om å endre tidspunkt
- be om å avslutte behandlingsforløp
- endre tidspunkt i kalenderen
- be om å endre timen til video/telefon eller omvendt
Administrasjon av timeavtalar for Helse Midt blir gjord på Helsa Mi.
Slik brukar du Timeavtalar
Du får alltid eit varsel frå Helsenorge når du får ein ny timeavtale, eller om timeavtalen blir endra eller avlyst.
Nokre timar kan endrast eller avbestillast. Klikk deg inn på timeavtalen for å sjå detaljar om timen, og kva moglegheiter du har for å endre eller avbestille han.