Aktivitetane som gir høgast energiforbruk

Vaksne bruker rundt 60 prosent av den vakne tida si i ro. Gjer du berre litt aktivitet, vil det ha positiv effekt på helsa. Sjå kva for aktivitetar som gjev høgast energiforbruk.

Mann som støvsuger

Aktivitetar med lågare intensitet som vi ikkje reknar som mosjon eller trening, kan omtalast som «snikmosjon». Slik aktivitet er viktig for betre helse og bidreg vesentleg til den daglege forbrenninga.

All fysisk aktivitet tel

All fysisk aktivitet tel, også aktivitet som varar kort tid og har lett intensitet. Alt når du reiser deg opp og byrjar å gå sakte bortover, aukar forbrenninga mykje samanlikna med når du sit stille. Energiforbruket av fysisk aktivitet aukar med omtrent 90 prosent ved å stå og bevege seg litt, rundt 150 prosent ved å rusle roleg, og 200 prosent ved å gå roleg. Rask gange gjev nær tre gonger så høg forbrenning av fysisk aktivitet som i kvile.

Nyare funn viser akutte effektar på sentrale prosessar i hjernen, som til dømes betre minne, konsentrasjon og problemløysing. Uansett kor sakte du går, gjer du mykje meir for kroppen din enn om du ligg på sofaen. Les tips for å kome i gang.

Ei rekke faktorar, som kjønn, vekt, alder, høgd og muskelmasse påverkar energiforbruket ved fysisk aktivitet.

Fordeling av energiforbruk i kroppen

Energiforbruket frå fysisk aktivitet er ein del av det totale energiforbruket i kroppen, i tillegg til energiforbruk ved kvile og ved fordøying av mat.

Figuren nedanfor viser ei omtrentleg fordeling av korleis dette fordeler seg på tre hovuddelar. Dersom det fysiske aktivitetsnivået aukar, stig delen av energiforbruket som skriv seg frå fysisk aktivitet.

Det totale energiforbruket vil variere med blant anna alder, kjønn, vekt, fysisk form og muskelmasse.

En omtrentlig fordeling av kroppens energiforbruk

En omtrentlig fordeling av kroppens energiforbruk

Oversikt over energiforbruk ved ulike aktivitetar

For å kunne samanlikne ulike aktivitetar, blir dei kategoriserte etter energiforbruk. Gjennomsnittleg energiforbruk når ein ligg stille, er definert som éin MET (metabolsk ekvivalent). Det kan då reknast ut kor mykje høgare energiforbruket av fysisk aktivitet blir ved ulike aktivitetar. Til dømes tyder 3 MET at energiforbruket er tre gonger så høgt som under kvile.

MET-verdiane er eit gjennomsnitt og er avhengig av kva intensitet aktiviteten gjerast med. Dei fleste aktivitetane kan utførast i ulik anstrengelsesgrad.

METs og lav, moderat og høg intensitet:

Lett intensitet: tilsvarar aktivitetar som medfører omtrent normal pusting, for eksempel rolig gange. Blir definert som aktivitetar under 3 METs.

Moderat intensitet: tilsvarar aktivitetar som medfører raskare pust enn vanleg, for eksempel hurtig gange. Blir definert som aktivitetar med 3-6 METs.

Høg intensitet: tilsvarar aktivitetar som medfører mykje raskare pust enn vanleg, for eksempel løping. Blir definert som aktivitetar over 6 METs.

Små endringar i intensitet eller individuelle faktorar (for eksempel kjønn, alder og kroppssamansetning) vil påverke energiforbruket og MET-verdien.

Tabellen under viser 20 ulike eksempler på aktiviteter og hvordan det gjennomsnittlige energiforbruket varierer ved ulike aktiviteter.

Eksempler på energiforbruk ved ulike aktiviteter

​​​​​​​​Aktivite​​t​​

​​​Intensitet

METs​

​​Liggande kvile ​Lett ​1,0
​Sitte og bevege seg litt ​​Lett ​1,3
​Kyssing og klemming​ ​​Lett ​1,3
​Stryke klede ​​Lett ​1,8
​Gange, lett ​​Lett ​2,0
​Køyre buss ​​Lett ​2,0
​Spele gitar ​​Lett ​2,3
​Rydde spisebordet ​​Lett​ ​2,5
​Husarbeid ​​Lett ​2,8
​Seksuell aktivitet ​​Lett ​2,8
​Rake lauv ​Moderat​ ​3,8
​Bowling ​Moderat​ ​3,8
​Power yoga ​Moderat​ ​4,0
​Ta trappa - roleg, utan vekt ​Moderat​ ​4,0
​Bordtennis ​Moderat​ ​4,0
​Gange, moderat ​Moderat​ ​4,3
​Golf ​Moderat​ ​4,8
​Måke snø ​Moderat​ ​5,3
​Bere 10 kg opp trappa ​Høy ​6,0
​Aerobics ​​Høy ​7,3
​Grave ​​Høy ​7,8
​Springing ​​Høy ​8,3
​Riding - hoppe hinder ​​Høy ​9,0
​Svømme ​​Høy ​9,8

​Tabell: Omtrentleg​​ energiforbruk ved 25 aktiviteter. Kilde: Ainsworth BE og medarbeidere 2011​

​Helsedirektoratet. Fysisk aktivitet og helse - anbefalinger. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; 2002 [hentet 2019-02-01]. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/publikasjoner/fysisk-aktivitet-og-helse-anbefalinger

Ainsworth BE, Haskell WL, Herrmann SD, Meckes N, Bassett Jr DR, Tudor-Locke, C et al. 2011 Compendium of Physical Activities: A Second Update of Codes and MET Values. Med Sci Sports Exerc. 2011 Aug;43(8):1575-81. TIlgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/21681120

McArdle WD, Katch FI og Katch VL. Essentials of Exercise Physiology. 5. utg. Lippincott Williams and Wilkins: 2015. 972 s.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Aktivitetane som gir høgast energiforbruk . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 24. november 2022 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/trening-og-fysisk-aktivitet/aktivitetene-som-gir-hoyest-energiforbruk/

Sist oppdatert torsdag 24. november 2022