Varselinnstillingar
Helsenorge varslar deg om viktige hendingar som gjeld helsa di, til dømes om du har fått ein ny time hos legen. Du kan velje å få varsla direkte frå Helsenorge-appen, som sms eller e-post. Du får berre varsel på dei tenestene du har tilgang til.
Vel korleis du vil få varsel
Du kan velje å få varsel som pushvarsel direkte frå appen, på sms eller e-post. Vi sender varsel på sms dersom du ikkje vel noko anna.
Pushvarsel frå Helsenorge-appen
Om du aktiverer pushvarsel, får du alle varsel frå Helsenorge som pushvarsel på mobilen eller nettbrettet ditt. Du får ikkje sms eller e-post i tillegg, men varsla vil alltid vere tilgjengeleg i varseloversikta di inne på Helsenorge. Om pushvarselet av ein eller annan grunn ikkje kan bli levert til deg, får du sms eller e-post basert på varselinnstillingane dine.
Les meir om Helsenorge-appen og pushvarsel
Aktiver eller skru av pushvarsel
Varsel på sms eller e-post
Du kan sjølv endre om du vil ha varsel på sms eller e-post om du loggar deg inn på Varselinnstillingar. Du får ikkje varsel på sms eller e-post om du har aktivert pushvarsel på mobilen eller nettbrettet ditt.
Vel kva du ønsker å få varsel om
Mange varsel er obligatoriske, dei får du uansett. Det er fordi Helsenorge har ei informasjonsplikt og er lovpålagt å varsle deg. Du kan sjølv velje om du ønsker så få eller så mange varsel som mogleg, og korleis du vil få varsel.
Så få varsel som mogleg (obligatoriske)
Vel du å berre få dei obligatoriske varsla, sender vi deg dei viktigaste varsla som er knytt til behandling og informasjon frå helsesektoren. Døme på det kan vere informasjon om timeavtalar og vedtak.
Viktige varsel (standard)
Du kan velje å få andre viktige varsel knytt til helsa di og aktivitetar du sjølv utfører på Helsenorge, i tillegg til dei obligatoriske varsla. Døme på det kan vere meldingar knytt til fornying av resept.
Så mange varsel som mogleg
Vel du så mange varsel som mogleg, sender vi også varsel som ikkje er direkte knytt til helsa di, i tillegg til dei viktige og obligatoriske. Døme på det kan vere varsel om at heimebesøk er utført av Helse- og omsorgstenesta.
I varsellista under bjelle-symbolet øvst på sida når du er logga inn, finn du tilbake til alle varsla du har fått frå Helsenorge.
Viktig at kontaktinformasjonen din er riktig
Vi hentar mobiltelefonnummeret ditt og/eller e-postadressa di frå Kontakt- og reservasjonsregisteret. Det er viktig at du sørger for å ha riktige og oppdaterte opplysningar der slik at du får varsel frå Helsenorge.