Vel korleis du vil få varsel

Du kan velje å få varsel som pushvarsel direkte frå appen, på sms eller e-post. Vi sender varsel på sms dersom du ikkje vel noko anna.  

Pushvarsel frå Helsenorge-appen 

Om du aktiverer pushvarsel, får du alle varsel frå Helsenorge som pushvarsel på mobilen eller nettbrettet ditt. Du får ikkje sms eller e-post i tillegg, men varsla vil alltid vere tilgjengeleg i varseloversikta di inne på Helsenorge. Om pushvarselet av ein eller annan grunn ikkje kan bli levert til deg, får du sms eller e-post basert på kva du har valt i profilen din på Helsenorge.

Les meir om Helsenorge-appen og pushvarsel

Varsel på sms eller e-post

Du kan sjølv endre om du vil ha varsel på sms eller e-post om du loggar deg inn for å tilpasse varsla dine. Du får ikkje varsel på sms eller e-post om du har aktivert pushvarsel på mobilen eller nettbrettet ditt.

Vel kva du ønsker å få varsel om

Mange varsel er obligatoriske, dei får du uansett. Det er fordi Helsenorge har ei informasjonsplikt og er lovpålagt å varsle deg. Du kan sjølv velje om du ønsker så få eller så mange varsel som mogleg, og korleis du vil få varsel.

Standardvarsel

Kun obligatoriske

Vel du å berre få dei obligatoriske varsla, sender vi deg dei viktigaste varsla som er knytt til behandling og informasjon frå helsesektoren. Døme på det kan vere informasjon om timeavtalar og vedtak.  

Anbefalte og obligatoriske varsel

Du kan velje å få andre viktige varsel knytt til helsa di og aktivitetar du sjølv utfører på Helsenorge, i tillegg til dei obligatoriske varsla. Døme på det kan vere meldingar knytt til fornying av resept.

Alle standardvarsel

Vel du alle standardvarsel, sender vi også varsel som ikkje er direkte knytt til helsa di. Døme på det kan vere ekstra påminningar om oppgåver og aktivitetar.
I varsellista under bjelle-symbolet øvst på sida når du er logga inn, finn du tilbake til alle varsla du har fått frå Helsenorge.

Varsel frå andre tenester

Du kan velje å få varsel frå andre tenester som ikkje er med i standardvarslinga ovanfor. Desse varsla får du uavhengig av kor mange varsel du har valt.

Varsel for barn og personar som har gitt deg fullmakt

Du får alltid varsel for barnet ditt, dersom barnet er under 16 år. Har du fått fullmakt frå andre, får du automatisk varsel på vegner av dei. Ønsker du ikkje desse varsla, kan du logge inn på Helsenorge for å endre eller tilpasse dei. Du får berre varsel knytt til dei tenestene du har fått tilgang til.

Viktig at kontaktinformasjonen din er riktig

Vi hentar mobiltelefonnummeret ditt og/eller e-postadressa di frå Kontakt- og reservasjonsregisteret. Det er viktig at du sørger for å ha riktige og oppdaterte opplysningar der slik at du får varsel frå Helsenorge.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Tilpass varsel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 1. oktober 2025 [henta fredag 28. august 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/varselinnstillinger/

Fann du det du lette etter?