Gode råd til deg som er pårørande

"Det einaste som har noko å seie, er korleis det går med den eg er pårørande til", er vanleg å høyre frå pårørande. Men pårørande har også eigne behov. Dei kan vere utsette for fysiske, psykiske og sosiale påkjenningar. Det er viktig at du som pårørande søkjer råd og støtte før problema blir for store.

Bilde av far med datter på skuldre

Søk kunnskap

Det er lett å kjenne seg rådvill i møte med sjukdom. Kunnskap om sjukdom kan bidra til å redusere kjensla av hjelpeløyse og auke opplevinga av meistring og kontroll.

Kunnskap kan blant anna bidra til at du:

  • får oversikt over behandlinga som blir tilbydd, og veit korleis helsetenesta kan hjelpe dykk
  • veit korleis du best kan støtte den som er sjuk
  • veit når du skal be om hjelp
  • får ei felles forståing av situasjonen, både med den som er sjuk. og andre nære
  • veit korleis du kan involvere barn som er ramma
  • får oversikt over rettane dine

Ver i dialog med helsetenesta

Ein god dialog mellom deg som pårørande og dei som yter helsehjelp til den som er sjuk, er ein fordel for alle. Du kan kontakte helsetenesta og etterspørje kva rutinar dei har for involvering av og støtte til dykk som er pårørande. Gjer dette i samråd med den som er sjuk.

Tenk etter kva du lurer på:

  • Kven er ansvarleg for behandlinga/oppfølginga og kven er kontaktperson?
  • Kva kan du få vite om sjukdomen og behandlinga?
  • Kva gjer eg om sjukdomen forverrar seg?
  • Kvar finn eg meir informasjon?
  • Når kan vi møtast neste gong?

Hugs at du som pårørande også kan ha informasjon som er viktig for helsetenesta å ha kjennskap til. Det kan til dømes vere kva omsorgsoppgåver du utfører for den som er sjuk, korleis familien som heilskap er påverka av situasjonen og tidlegare erfaringar med ulike behandlingstiltak.

Hugs også på di eiga helse

Når eit familiemedlem er alvorleg eller langvarig sjuk, har det alt å seie for deg som pårørande kva hjelp dei får. Men det er også viktig korleis du sjølv har det som pårørande.

Vanlege helseutfordringar hos pårørande kan vere:

  • Søvnproblem, konsentrasjonsvanskar, nedsett energinivå
  • Bekymring, stress, angst, depresjon
  • Ulike smertetilstandar, nedsett immunforsvar, kosthaldsrelaterte problem

Korleis kan du unngå å bli sjuk sjølv? Det er individuelt kva som kan betre situasjonen for den enkelte. Det kan vere å snakke med fastlegen. Nokre ønskjer å delta på kurs i meistring av belastning, nokre treng å involvere nettverket sitt i større grad eller å vere i regelmessig fysisk aktivitet.

Sunn mat, nok søvn og fysisk aktivitet er viktig for ei god psykisk helse. Medan bruk av rusmiddel kan utløyse og forsterke psykiske vanskar.

I nokre tilfelle kan du som pårørande vere i ein situasjon der du ikkje har høve, ønske eller kapasitet til å involvere deg i den som er sjuk. Nokre pårørande har behov for å seie: «Eg orkar ikkje å bli involvert akkurat no».

Ta kontakt med fastlegen din ved behov

Fastlegen kan vere ein naturleg stad å starte for å få hjelp dersom helseutfordringane dine blir for store. Tenk førebyggjande. Fastlegen har teieplikt og kan fungere som ein samtalepartnar. Fastlegen vurderer om du har behov for sjukemelding og tilvising til vidare behandling. Alle pårørande med psykiske helseplager kan sjølv ha rett på tilbod innanfor kommunehelsetenesta, psykisk helsevern for vaksne eller hos avtalespesialistar som pasient. Fastlegen vurderer i samarbeid med deg kvar den beste hjelpa kan gjevast.

Undersøk utsiktene for avlasting

Pårørande og andre med særleg tyngjande omsorgsoppgåver kan ha rett til tiltak for å lette omsorgsbyrda. Dette gjeld både frivillige omsorgsytarar og foreldre med foreldreansvar for mindreårige barn. Kommunale tenester som til dømes praktisk bistand, og velferdsteknologi som til dømes varsling og lokaliseringsutstyr, kan gjevast som avlasting for deg som omsorgsgjevar.

Avlastingstiltak kan hindre overbelasting hos deg som omsorgsytar og gje deg høve til å vere yrkesaktiv, ha eit familieliv, ta ferie, med meir. Ta kontakt med tildelingskontor eller liknande i kommunen din. Dei kan informere om tilbod som finst i kommunen din.

Forsøk å motverke isolasjon

Det å stå i ei krevjande pårøranderolle over tid kan føre til at du mistar det sosiale nettverket du har utover næraste familie. Det er helt vanleg. Det at du er medviten på korleis du involverer nettverket ditt, anten det er lite eller stort, kan vere med å førebyggje at du mistar vener og støttepersonar.

I den grad det er mogleg, er det viktig å setje av tid til eigne aktivitetar og positive opplevingar trass i sjukdom. Tenk etter kven du ønskjer meir kontakt med, kva som gjev deg overskot i kvardagen, og om du har nokon som kan støtte deg.

Møt andre i same situasjon

​Mange pårørande opplever at det å dele erfaringar og opplevingar med andre i liknande situasjon er til hjelp for å kunne sortere tankar og problem og finne løysingar. Mange opplever å få auka kunnskap og eit godt fellesskap.

For å finne eit passande tilbod for deg, kan du vurdere punkta under, og høyre med helsetenesta til han eller henne du er pårørande til:

  • Brukar- og pårørandeorganisasjonar
  • Frivillige organisasjonar
  • Pårørandesenter, samtalegrupper, osv.
  • Aktuelle nettsider med nettchat osv.
  • Lærings- og meistringstilbod ved helseføretak eller i kommunar

Snakk med arbeidsgjevar

​Omsorgsoppgåver og sjukdom i familien kan påverke arbeidslivet ditt. Det kan vere utfordrande å kombinere omsorgsoppgåver med arbeid eller utdanning. Men arbeidet kan kanskje også opplevast som ein fristad.

For mange vil det vere lurt å informere arbeidsgjevar eller næraste leiaren om situasjonen. Saman kan de sjå på utsiktene for tilretteleggingstiltak på arbeidsplassen din. Tilretteleggingstiltak kan til dømes vere fleksibel arbeidstid, opning for kunne kome litt seinare ved behov, ta fri på kort varsel, avspasering, ta telefonar usjenert, opning for heimekontor, betalt eller ubetalt velferdspermisjon/fråvær i spesielle situasjonar. 

Søk økonomisk rådgjeving

​Familie og andre pårørande som blir ramma av langvarig sjukdom og som har krevjande omsorgsoppgåver, kan oppleve å kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Til dømes kan barn og ungdom sine høve til fritidsaktivitetar påverkast av endringar i familieøkonomien.

Dersom den økonomiske situasjonen er endra som følgje av sjukdom, behandling og omsorgsoppgåver, kan det vere lurt å søkje økonomisk rådgjeving. Det finst støtteordningar, og det er viktig å søkje hjelp tidleg (til dømes pleiepengar, omsorgsløn, hjelpe- og grunnstønad og ytingane frå folketrygda).

Økonomisk rådgjeving og rettleiing blir tilbydd av sosionomtenesta ved nokre sjukehus, hos NAV eller i kommunen.

Søk hjelp dersom du er utsett for krenkingar, vald, overgrep

​Nokre pårørande opplever å bli krenkte, og utsette for vald og overgrep av den dei er pårørande til. Vanlege følgjer av å bli utsett for vald frå nærpersonar kan vere angst, skam, endra sjølvoppleving, konsentrasjons- og minneproblem.

Det er viktig at du involverer dine næraste og er open om det som skjer. Erfaring viser at når vald og krenkingar skjer over tid, kan tolegrensa forskyve seg. Du må snakke med nokon og ikkje gå med dette åleine. Du bør oppsøkje hjelp til å melde forholdet til politiet og eventuelt til å få vern mot nye valdsepisodar.

Mental helse

116 123

Mental helses telefon- og nettjeneste er for alle som trenger noen å snakke eller skrive med.

Døgnåpen tjeneste.

Pårørendesenteret i Oslo (PIO-senteret)

22 49 19 22

Landsdekkende rådgivningstelefon for pårørende uavhengig av diagnose.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gode råd til deg som er pårørande . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. februar 2021 [henta søndag 3. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/parorende/rad/

Sist oppdatert måndag 1. februar 2021