Nettlesarstøtte for helsenorge.no

Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din. Siste versjon har som regel høgare tryggleik enn eldre versjonar.

Disse nettlesarane testar vi

Vi testar siste og nest siste versjon av nettlesarar som blir brukte av to prosent eller fleire av dei som besøker helsenorge.no.

Per dags dato er det følgande nettlesarar:

Datamaskin

  • Microsoft Edge
  • Google Chrome
  • Mozilla Firefox
  • Apple Safari

Mobiltelefon og nettbrett

  • Apple Safari på iPhone og iPad
  • Google Chrome og internett på einingar med Android

Merk at det kan ta litt tid frå ein ny versjon av nettlesaren blir lansert, til vi får testa han.

Du bør alltid nytte siste versjon av nettlesaren din. Han har ofte høgare tryggleik enn eldre versjonar. Les meir om oppdateringar av programvarer her (nettvett.no).

Dette testar vi for

Når vi testar nettlesarar, kontrollerer vi om:

  • nettsidene blir viste på rett måte på forskjellige skjermstorleikar
  • utsjånad og funksjonalitet fungerer som venta
  • nettsidene følger lover og forskrifter om universell utforming

Dersom du ikkje får Helsenorge til å virke

Dersom du ikkje får helsenorge.no til å virke, kan du prøve å:

  • oppdatere nettlesaren til nyaste versjon
  • bruke ein annan nettlesar frå lista ovanfor

Om du likevel ikkje får gjort det du skal, set vi pris på at du gir oss beskjed om at noko er feil.

Døme

Nora har ein eldre iPad som ikkje kan oppdatere operativsystemet lenger.

Nettlesaren Safari blir oppdatert saman med operativsystemet. Nora brukar derfor ein utdatert versjon av nettlesaren Safari, og får ikkje brukt alle tenestene på Helsenorge.

Nora må bruke ein oppdatert nettlesar på ein anna eining, til dømes sin mobil eller datamaskin.

Sei ifrå om feil

​At ein nettlesar er testa betyr ikkje at det ikkje kan oppstå feil. Vi set stor pris på tilbakemeldingar frå brukarar når opplevinga ikkje er som ho skal.

Meld feil via kontaktskjemaet, forklar problemet og send med lenka til sida du stod på.

Rettleiing Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00–15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Nettlesarstøtte for helsenorge.no. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 2. juni 2023 [henta fredag 26. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/personvern-og-nettsikkerhet/nettleser/

Sist oppdatert fredag 2. juni 2023