Personvern på helsenorge.no
Denne personvernerklæringa handlar om korleis helsenorge.no behandlar personopplysningane til dei som besøker dei opne nettsidene.

Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB
Helsenorge.no er ein vegvisar til den offentlege helsetenesta og sjølvbeteningsløysingar på internett. Nettstaden presenterer også informasjon om førebygging, helse, trivnad/velvære, sjukdom, behandling og den enkelte sine rettar som pasient.
Denne erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar. Informasjon om behandling av opplysningane dine når du brukar tenestene pålogga helsenorge.no, finn du på ei eiga side.
Ansvar
Norsk Helsenett er behandlingsansvarleg. Det betyr at vi er ansvarlege for behandlinga av personopplysningar på helsenorge.no sine opne sider. Vi er også ansvarlege for drift og vedlikehald av nettstaden.
Dersom ikkje anna er opplyst vil dei innsamla opplysningane bli lagra på serverar som er drifta av Norsk Helsenett (NHN).
Kva personopplysningar behandlar vi på dei opne sidene?
Kontaktskjema
Dersom du har spørsmål om tenester, sjølvbeteningsløysingar eller lurer på noko om informasjonen på helsenorge.no, kan du ta kontakt med oss via eit kontaktskjema. Då vil meldinga di bli send til rettleiing helsenorge.no (telefon 23 32 70 00).
Dersom du brukar kontaktskjema vil namn, e-postadresse og det du skriv i meldinga bli lagra. Meldinga blir sletta etter at rettleiingstenesta har svart på meldinga.
Vi ber om at du ikkje oppgir sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar eller fødselsnummer, då kontaktskjemaet ikkje er sikra (kryptert).
Bloggen til helsenorge.no
Nettstaden helsenorgelab.no er ei plattform for dialog om utviklinga av helsenorge.no.
Du kan skrive kommentarar til innlegga på bloggen via tredjepartsløysinga Disqus. Disqus krev pålogging for å brukast og då er det personvernerklæringa til Disqus som gjeld. Dersom du ikkje kommenterer artiklane, blir det ikkje lagra informasjon.
Nettstatistikk
Helsenorge.no samlar inn nettstatistikk. Formålet med dette er å betre og vidareutvikle nettstaden. Statistikken syner for eksempel kor mykje kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore din bruk av nettstaden attende til deg som enkeltperson. Eksempel på informasjon som blir samla inn er kor mange nettlesarar som besøker helsenorge.no, kva nettstader brukarane kjem frå, kor lenge brukarane er på nettsida og kva nettlesarar som blir brukte.
Helsenorge.no brukar analyseverktøyet Adobe Analytics. IP-adressene til brukarane blir anonymiserte før opplysningane blir lagra og brukte vidare, slik at opplysningane ikkje kan sporast attende til brukaren. Berre anonyme opplysningar blir lagra.
Reservere deg mot innsamling av nettstatistikk
Dersom du ikkje vil at vi skal samle inn eller analysere data om besøket ditt i nettstatistikken, kan du reservere deg.
Når du klikkar på lenka nedanfor installerer du ein informasjonskapsel i nettlesaren din, som fortel webanalyseverktøyet vårt at det ikkje skal samle inn data om besøka dine på helsenorge.no.
Dersom du slettar informasjonskapslane som viser at du har reservert deg, eller byter til ei anna datamaskin eller ein annan nettlesar, må du reservere deg på nytt.
Søkeord
Helsenorge.no lagrar informasjon om kva søkeord dei besøkande brukar. Formålet med dette er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Vi kan blant anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat dei besøkande vel. Berre søkeorda blir lagra. Dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om den besøkande.
Informasjonskapslar
Helsenorge.no brukar informasjonskapslar for å gjere brukaropplevinga di betre og samle inn statistikk.
Du kan lese meir om Informasjonskapslar her.
Lenker til eksterne nettsider
På helsenorge.no har vi lenker til andre organisasjonar og verksemder. Ver merksam på at personvernerklæringa hos helsenorge.no ikkje omfattar desse nettstadene. Når du er innom desse nettstadene gjeld retningslinjene for den aktuelle nettstaden.
Dine rettar
Alle har rett til generell informasjon om Norsk helsenetts behandling av personopplysningar. Dei vi har registrert personopplysningar om har rett til innsyn i eigne opplysningar. Du har også rett til å få informasjon om kvar personopplysningane er henta frå, kva som er formålet med bruken av opplysningane og om opplysningane blir gitt vidare til nokon andre.
Kontaktpunkt
Rettleiing helsenorge.no
Ring 23 32 70 00
Måndag - fredag klokken 08:00-15:30
Personvernombod
Her finn du kontaktinformasjon til NHN sitt personvernombod.
Datatilsynet
Datatilsynet er tilsynsorgan og kontrollerer at lover og forskrifter som gjeld for behandling av personopplysningar blir følgde.
Telefonnummer: 22 39 69 00
E-post: postkasse@datatilsynet.no
Organisasjonsnummer: 974761467
datatilsynet.no