Kva er einsemd?
Einsemd er ei kjensle av mangel på tilhøyrsle med andre menneske, eller eit sakn etter å kjenne seg sett og forstått.
Einsemd er ikkje det same som å vere åleine. Du kan ha mange menneske rundt deg, men framleis kjenne deg einsam.
Kjensla kan komma av konkrete hendingar, til dømes mangel på eller tap av nære relasjonar. Den kan også komma utan at det er så lett å finna ei konkret årsak.
Korleis komme ut av einsemda?
Å finne noko som gir kvardagen meining, kan hjelpe mot einsemd.
For nokon kan det hjelpe å søke fellesskap med andre menneske. Andre opplever at det hjelper å drive med ein hobby eller få eit kjæledyr. Det å flytte fokuset vekk frå korleis du har det, kan faktisk gjere at du kjenner deg betre.
Fysisk aktivitet kan hjelpa deg handtera vonde kjensler, angst, depresjon og einsemd.
Ein stad å byrje dersom du er einsam eller lei deg, kan vere å lage ei liste med folk du kan ta kontakt med. Det er sikkert mange i nettverket ditt som blir glade over å høyre frå deg.
Ikkje isoler deg
Det er viktig at du ikkje isolerer deg. Isolasjon vil auke kjensla av å vere åleine.
Snakk med nokon du stoler på – ver open
Einsemd er ei kjensle mange skammar seg over å kjenne, og kanskje derfor ikkje snakkar om.
Prøv å snakke med nokon du stoler på om korleis du har det. Ingen kan sjå inn i hovudet ditt, like lite som du kan vite kva andre tenkjer. Berre det å snakke med nokon om korleis du har det, hjelper ofte. Ved å vere ærleg med andre, gjev du også rom for at andre kan snakke om kjenslene sine med deg.
Det finst fleire organisasjonar og andre som driv samtaletilbod, frivilligheit og meir, som kan vera gode støtter.
Det er også mogleg å oppsøkje fastlegen eller ein psykolog dersom du treng profesjonelle å drøfte problema dine med.
Oppsøk sosiale møteplassar
For nokon kan mangelen på eit fellesskap vere årsaka til einsemd. Oppsøk sosiale møteplassar, som organiserte fritidsaktivitetar og organisasjonsarbeid. Dersom du har ei interesse eller ein hobby, forsøk å pleie denne i eit fellesskap med andre.
Prøv å lage deg rutinar der du treffer dei same personane gong etter gong. Slik kan du på sikt få nye vener.
Bruk internett. Send ei melding til ein gamal ven, eller oppsøk eit fellesskap på nett gjennom ei interesse du har.
Ikkje la frykt hindre deg
Prøv å ikkje la frykta for ikkje å meistre eller å bli avvist hindre deg.
Forsøk å ta initiativ. By på deg sjølv og interesser deg for kva andre held på med. Forsøk å vere ein god lyttar.
Hjelp andre
Å hjelpe andre flyttar fokus frå deg sjølv. Det gjev også ei kjensle av meining. Du kan finna mange moglegheiter til å hjelpa både dyr og menneske, på frivillig.no.
Det kan også vera små, gode gjerningar i kvardagen.
Ha tolmod
Einsemd er ei kjensle som bygger seg opp over tid. Det tek også tid å kjenne seg mindre einsam. Ha tolmod – det blir betre.
Prøv å ikkje ha for høge krav eller forventingar til eit nytt venskap. Hugs at det tek tid å bygge nære relasjonar.