Fem råd for auka livskvalitet og sterkare psykisk helse

Vanane dine påverkar helsa di – både den fysiske og den psykiske. På same måte som du med små grep kan styrke den fysiske helsa, kan små grep òg styrke den psykiske helsa.

De fem rådene: knytt bånd, vær aktiv, vær oppmerksom, fortsett å lære, og gi til andre

​Kva er livskvalitet?

​Livskvalitet handlar om det som gir livet verdi og meining. Kva skal til for at du får positive kjensler som glede, meistring og meining? Nokre har glede av ein tur i skogen, andre av å studere havet. Nokre nyt musikk eller mat, andre blir nøgde med seg sjølve når dei øver på gitar eller løyser eit vrient kryssord. Alt som bidrar til slike gode kjensler, gir auka livskvalitet og kan styrke den psykiske helsa.

Klarer du å legge til rette for gjeremål som gir deg positive opplevingar, er mykje gjort. Nedanfor kan du lese meir om kva du sjølv kan gjere for å auke livskvaliteten din.

Knyt band

​Menneske er sosiale vesen. Vi treng kvarandre for å føle tilhøyrsle og meining. Nokre treng mange, nokre treng få, men alle treng nokon.

Å ha menneske i livet vårt, nokon vi kan dele opplevingar med, hente støtte hos eller berre vite at er der, kan gi tryggleik og glede. Difor er det viktig å knyte og ta vare på sosiale band til andre. Vener, kollegaer, familie og lokalmiljø utgjer ein slags grunnmur i livet.

Tips til korleis du kan knyte band

  • Spør om nokon vil vere med og gå ein tur.
  • Ta kontakt med ein ven du ikkje har sett på ei stund.
  • Besøk ein ven eller slektning som er mykje åleine.
  • Inviter nokon på søndagsmiddag.
  • Ring i staden for å sende tekstmelding.
  • Meld deg som frivillig. Det finst mange lokale initiativ og organisasjonar. Bruk gjerne nettstaden frivillig.no.

Video fra Rådet om psykisk helse om å knytte bånd

Ver aktiv

Å vere fysisk aktiv er godt for kroppen og gjer at du føler deg bra. Auka fysisk aktivitet betyr ikkje at du må sveitte, ha spesielle klede eller gå på treningsstudio, men det er helsebringande å «ta i så det svir» innimellom.

Dei som er aktive saman med andre, opplever at det sosiale bidrar til auka trivsel og godt humør. Utandørsaktivitetar gir frisk luft og sollys, og det kan redusere stress, auke energinivået og verke positivt på både livskvalitet og søvn.

Det er fint om du har éin eller fleire aktivitetar som du har glede av, og som er ein naturleg del av kvardagen din. Då er det mindre sjanse for at du droppar aktiviteten etter ei stund. Det kan òg gi mykje glede og livskvalitet å drive med aktivitetar som brettspel, handarbeid eller å delta på kurs.

Tips til korleis du kan vere meir aktiv

  • Lag nokre faste avtalar med deg sjølv og/eller andre. Ein fast kveldstur fungerer for mange.
  • Ein litt lengre tur kvar helg gir dagslys i den mørke årstida. Pakk niste og termos og set deg eit konkret mål for turen.
  • Her finn du nokre tips: Treningsprogram på 30 dager.

Video fra Rådet for psykisk helse om å være aktiv

Ver merksam

Øv deg på å vere merksam og sjå det som er rundt deg. Bruk auge, øyre og nase aktivt. Å legge merke til noko vakkert eller uvanleg kan gi glede og ei kjensle av å vere meir til stades i livet. Sjå på omgivnadane rundt deg, korleis naturen endrar seg, og legg merke til det fine ved menneske du møter.

Tips til korleis du kan vere meir merksam

  • Ta ein ny veg til jobben.
  • Korleis kjennast veret mot ansiktet i dag?
  • Lat som om du går opp vegen der du bur for første gong.
  • Korleis smakar eigentleg dagens første kaffi? Ikkje gjer alt mogleg samstundes – kjenn etter!
  • Korleis er det å pusse tennene med motsett hand?

Video fra Rådet for psykisk helse om å være oppmerksom

Hald fram med å lære

Å lære seg nye ting gir glede og stoltheit. Dei som held fram med å lære og utfordre seg sjølve, seier ofte at dei kjenner seg optimistiske og har håp og sjølvtillit. Å sette seg mål og nå dei gir ei god meistringsoppleving. Måla treng ikkje vere kjempehøge, berre dei er meiningsfulle for deg.

Tips til korleis du kan halde fram med å lære

  • Ta opp att noko du har hatt lyst til å lære tidlegare i livet.
  • Lær deg sudoku (eller ei anna form for hjernetrim).
  • Finn ut korleis du held sykkelen ved like.

Video fra Rådet for psykisk helse om å fortsette å lære

Gi til andre

Å gi handlar om å gjere noko for andre. Alt frå å gi ein venleg kommentar til å bidra i frivillig arbeid styrker band mellom menneske. Det gir auka livskvalitet og ei kjensle av glede, stoltheit og meistring. Ofte får du eit smil tilbake.

Tips til korleis du kan gi til andre

  • Smil til nokon du ikkje kjenner.
  • Hjelp nokon med eit praktisk gjeremål.
  • Gjer nokon ei teneste utan at dei har bede om det.
  • Sjå om du kan bidra i frivillig arbeid gjennom  frivillig.no.

Video fra Rådet for psykisk helse om å gi til andre

​Aked JO, Marks N, Cordon CO, Thompson S. Five Ways to Wellbeing: A report presented to the Foresight Project on communicating the evidence base for improving people’s well-being. London: new economics foundation. 2008. 23 s.

Rådet for psykisk helse. Fem grep for økt hverdagsglede. [Internett]. Oslo: Rådet for psykisk helse; 2021 [hentet 2022-03-14]. Tilgjengelig fra: https://psykiskhelse.no/kurs/fem-grep-for-okt-hverdagsglede/

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert fredag 27. mai 2022