Arbeidsmiljø og psykisk helse

Psykiske helseproblem er ei viktig årsak til at tilsette er borte frå jobben. Men det er viktig for den psykiske helsa å ha ein meiningsfylt jobb å gå til. Snakk med leiaren din om det som plagar deg, hjelp kollegaer som slit og gjer ditt for å skape eit godt arbeidsmiljø.

To menn snakker sammen på kontoret

Illustrasjon: Istockphoto

Etter heim og familie, plasserer nordmenn jobben øvst på lista over kva som har verdi for eiga psykiske helse. Mange opplever at det å gå på jobb gir meining med tilværet, struktur på dagen og kanskje positive tilbakemeldingar frå personane ein har rundt seg. Det skaper tilhøyrsle og aukar sjølvkjensla.

Dette gjer oss langtidsfriske

Skal sjukefråværet halde seg lågt og talet på langtidsfriske høgt, er det nokre ting som er viktige for alle:

  • Innverknad på arbeidssituasjonen.
  • Å kjenne at ein blir sett, høyrd og verdsett.
  • Å oppleve at arbeidet er meiningsfylt.
  • Tryggleik og ein føreseieleg arbeidsdag.
  • Sosial støtte.
  • Passeleg utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Nok tid og rett kompetanse til å utføre oppgåvene.
  • Å vere ein del av eit positivt arbeidsmiljø.

Psykiske helseproblem og jobb

Halvparten av oss vil oppleve psykiske helseproblem ein eller annan gong i livet. Dei fleste blir friske, og det å vere i arbeid er som oftast god medisin. Det gjer at ein blir raskare frisk og kan som oftast kombinerast med behandling.

Sjølvsagt kan det vere nødvendig å vere heilt borte frå jobben ein periode, men i lengda kan sjukmeldingar gjere tilstanden verre, spesielt ved angst og depresjonar. Derfor skal legen alltid vurdere om du kan jobbe i sjukdomsperioden, heilt eller delvis.

Snakk med arbeidsgivaren din viss du slit psykisk

Det er viktig å snakke om dei problema du opplever, slik at du kan unngå å vere sjukmeld over tid. Her er nokre punkt du kan gå gjennom før samtalen,for å skape eit godt utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med arbeidsgivar:

  • Kva slags rutinar finst for oppfølging av dei sjukmelde på
    arbeidsplassen din?
  • Korleis skal du formulere bodskapen din?
  • Kva skal du seie om dine behov for tilrettelegging? Arbeidsgivar har ikkje krav på å vite kva diagnose du har, men dersom du har særskilde behov må
    du grunngi dei.
  • Gi beskjed tidleg i samtalen om kva du synest er viktig å få snakka om.
  • Pass på at du får sagt det du vil seie, og får svar på det du har behov for å vite. Lag gjerne ei liste over nokre punkt du vil gjennom.

Slik kan du vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø

Alle på arbeidsplassen har eit ansvar for arbeidsmiljøet. Arbeidstilsynet har utarbeidd desse sjekkpunkta for korleis du kan vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø:

  1. Hugs at ditt bidrag er viktig: Ha eit bevisst forhold til korleis du påverkar andre. Alle kan påverke eige arbeidsmiljø. Du har både ansvar og høve til å bidra positivt til ein god arbeidsdag for alle.
  2. Ta initiativ: Sei ifrå til leiaren din dersom det er noko i arbeidsmiljøet som ikkje er bra. Ta initiativ og foreslå forbetringar dersom du synest det er behov for det.
  3. Bidra til god dialog: Snakk med leiar og kollegaer om det som er vanskeleg. Slik kan de i samarbeid skape ein open og god dialog, med nok takhøgd til å ta opp problem.
  4. Del kunnskap: Del kunnskap, informasjon, tips og råd med kollegaene dine.
  5. Ta deg tid: Ta deg tid til dei rundt deg i kvardagen. God sosial støtte frå kollegaer og leiar gjer at vi kan takle større utfordringar og er ein viktig buffer mot stress, overbelasting og sjukdom.
  6. Bidra til ein god tilbakemeldingskultur: Gi konstruktive tilbakemeldingar, og ta imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte. Alle kan bli betre og alle kan lære og utvikle seg gjennom tilbakemeldingar.
  7. Gi ros: Alle treng å bli sett og verdsett for å trivast på jobb. Lytt til andre og vis interesse for det kollegaene dine jobbar med. Gi kollegaene ros og anerkjenning for jobben dei gjer.
  8. Følg felles køyrereglar: Følg dei køyrereglane og rutinane de har blitt samde om på arbeidsplassen din.
  9. Ta avstand frå mobbing: Ikkje aksepter mobbing eller utfrysing. Ta kontakt med verneombodet dersom du er usikker på kva du skal gjere.
  10. Ver inkluderande: Snakk fint om kvarandre. Snakk med folk, ikkje om folk. Den gode fellesskapskjensla, vi-kjensla, er eit viktig kjenneteikn på eit sunt og godt arbeidsmiljø.

Hjelp kollegaer som ikkje har det bra

​Alle har også eit ansvar for å bry seg når en kollega har det vanskeleg. Gjer så godt du kan, gjer uansett eit forsøk. Her er nokre råd:

  • Finn eit høve til å spørje korleis ho eller han eigentleg har det.
  • Det er betre å spørje ein gong for mykje enn ein gong for lite.
  • Set av tid til å snakke om problema og skap trygge rammer rundt samtalen.
  • Ver ein god lyttar.
  • Ver eit medmenneske og bruk din mellommenneskelege kompetanse.
  • Fortel korleis du sjølv opplever at personen fungerer, på ein positiv måte.
  • Vis at det er plass til vedkomande også når ho eller han ikkje strekk til.
  • Hald kontakt med personen, sjølv om ho eller han har fråvær og blir sjukmeld.