Stress på jobb

Kjenner du deg stressa, og opplever du at omgjevnadene krev meir enn du kan handtere? Det kan gjere deg sjuk, både fysisk og psykisk. Gjer noko med det. Gå til næraste leiar og fortel korleis du har det.

Stresset mann på jobb foran pcen

Dersom du er overvelda over jobbsituasjonen din, fortel nokon korleis du har det.

Teikn på stress

For mykje stress på jobb kan syne seg på fleire måtar. Eit viktig teikn er at du sluttar å glede deg over ting du normalt set stor pris på. Det kan vere samvær med familien, sosiale treff med vener, fritidsaktivitetar eller liknande.

Andre teikn kan vere fysiske, som kvalme, hovudverk, muskelspenningar, dårleg konsentrasjon, uro, lite energi eller søvnendringar.

Vi reagerer også emosjonelt på stress. Nokon blir irritable og lite løysingsorienterte, nokon blir svært oppstemte, nokon blir triste og kan setje seg ned og gråte fordi dei er slitne.

Stress treng ikkje vere det same som å stå i tidsklemma. Du kan oppleve store krav og lite tid, eller mykje tid og små krav, som like stressande.

Dersom du er overvelda over jobbsituasjonen din, fortel nokon korleis du har det.

Risikofaktorar for arbeidsrelatert stress

Arbeidstilsynet har utarbeidd denne oversikta over faktorar som kan vere opphav til arbeidsrelatert stress.

  • For lange arbeidsdager over tid.
  • Ubalanse mellom oppgåver og ressursar. Til dømes ved for stor arbeidsbelastning, for høg jobbintensitet eller for korte tidsfristar.
  • Motstridande krav.
  • Mangel på klarleik med omsyn til rolla til arbeidstakaren.
  • Lite effektiv kommunikasjon.
  • Organisatoriske endringar. Særleg dersom dei blir handtert på ein dårleg måte.
  • Manglande støtte frå leiinga eller kollegaer.
  • Dårlege mellommenneskelege forhold. Til dømes konfliktar.
  • Trakassering.
  • Vald, truslar og uheldige belastningar som følgje av kontakt med andre. Andre kan vere kundar, klientar, pasientar, brukare og liknande.

Det kan òg oppstå arbeidsrelatert stress når det er vanskar med å kombinere forpliktingar i jobb, fritid eller til familie.

Snakk med leiaren din dersom du opplever stress

Dersom du opplever stress på jobb, bør du snakke med næraste leiar. Om du seier tydeleg ifrå er det lettare å finne gode løysingar saman. 

I mange tilfelle vil leiinga kunne legge til rette for oppgåvene dine og betre arbeidssituasjonen din. Du skal ha passande mengder krav og utfordringar i arbeidet, og høve til medverknad og sjølvstyring. Eit godt arbeidsmiljø og tilpassa arbeidsoppgåvar kan beskytte mot plagar frå stress. 

Førebygging av arbeidsrelatert stress bør bli varetatt, på same måte som andre helse-, miljø- og tryggingsrisikoar på arbeidsplassen din. Arbeidsgjevar, leiarar og arbeidstakarar må saman bidra til eit godt arbeidsmiljø. Her har verneombod og tillitsvalte viktige roller.