Jente med hest

Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse- og voksbehandling og Montebellosenteret

Du kan få støtte til reiseutgifter frå Helfo dersom du har hatt reiseutgifter til og frå

Nære pårørande kan også få støtte til reiseutgifter i samband med familiekursopphald ved Montebellosenteret.

Du må sjølv søkje Helfo om støtte til reiseutgifter. Informasjon om kva du kan få dekka og lenke til søknadsskjema finn du lenger nede på denne sida.

Søknad om støtte til reiseutgifter til og frå anna offentleg godkjend behandling blir handsama av Pasientreiser.

Reiseutgifter til Evenes, Hurdal og Solvik syn- og mestringssenter, samt Forsvarets veteransenter

Du kan få støtte til reiseutgifter frå Helfo dersom du skal på

Desse kurssentera organiserer sjølve reisa for kursdeltakarane. Helfo betaler refusjonen direkte til kurssenteret, eller til drosjeselskapet om du får rekvisisjon frå kurssenteret for å reise med drosje.

Har du behov for transport, må du ta kontakt med kurssenteret du skal til.

Kva kan du få dekt?

Du kan velje å reise med rutegåande transport, fly, bil eller drosje. Reisa må vere lengre enn 10 kilometer kvar veg for at du skal ha rett til refusjon.

  • Reiser du kortare enn 300 kilometer med rutegåande transport, blir reisa dekt etter faktisk kostnad, men refusjonen er avgrensa oppover til standardsatsen per kilometer.

  • Reiser du kortare enn 300 kilometer med bil, får du dekka reisa med ein standardsats per kilometer. Legg du ved kvittering på at du har brukt båt på reisa, får du dekt faktisk kostnad i staden for standardsats på denne delen av reisa.

  • Reiser du over 300 kilometer, blir utgifter som hovudregel dekte etter den billigaste rutegåande transporten på strekninga. Det vil seie at du kan velje om du vil reise med bil, buss, tog, fly eller anna, men Helfo dekker berre kostnaden tilsvarande billigaste rutegåande transport på strekninga.

  • Du kan få dekka utgifter til parkering, bilferje, bom og piggdekkavgift dersom du må bruke bil av helsemessige årsaker, eller det ikkje finst tilbod om rutegåande transport. Er det helsemessige årsaker til behovet for bil, må du sende inn ein dokumentasjon frå lege eller ridefysioterapeut på det. Er det mangel på rutegåande transport, skriv du det i søknaden. I tillegg må du legge ved kvitteringar som viser kor mykje du har betalt.

Har du av økonomiske årsaker behov for forskot til ei kostbar reise, kan du kontakte Veiledning Helsenorge på tlf 23 32 70 00.

Reise med drosje med rekvisisjon

Har du behov for å reise med drosje av medisinske årsaker kan ein lege, eller ridefysioterapeut (ved reise til ridefysioterapi), fylle ut Helfos skjema for rekvisisjon for bruk av drosje:

Når du har fått ein rekvisisjon, må du sjølv bestille drosje. Rekvisisjonen leverer du til drosjesjåføren når du set deg i drosjen.

Du skal ikkje betale for turen når du har levert rekvisisjon til drosjesjåføren. Drosjesjåføren fyller ut rekningsdelen på rekvisisjonen, heftar ved taksameterutskrifta og sender rekvisisjonen direkte til Helfo for utbetaling.

Reise med drosje utan rekvisisjon

Har du behov for drosje, men vel å legge ut for reisa, kan du søke refusjon til Helfo i etterkant. Før du reiser må du få ei erklæring frå lege eller ridefysioterapeut om at du har behov for drosje av medisinske årsaker. Erklæringa må du legge ved søknaden til Helfo.

Dersom du har behov for drosje fordi det ikkje finst tilbod om rutegåande transportmiddel, og du heller ikkje har bil, så treng du ikkje å legge ved ei slik erklæring til søknaden, men du må grunngi bruk av drosje i søknaden.

Kost og overnatting

Du kan få kostgodtgjersle under reise dersom du må vere borte frå heimen i over 12 timar. Kostgodtgjersla er på inntil 284 kroner per døgn(2026).

Du kan få overnattingsgodtgjersle når det er nødvendig å overnatte på hotell, pensjonat og liknande under reisa. Overnattingsgodtgjersla er på inntil 734 kroner per døgn(2026).

Dersom du vel å overnatte ved behandlingsstaden i staden for å reise heim mellom fleire behandlingar, får du dekka kost og losji dersom dette er rimelegare enn å reise heim. Du får ikkje overnattingsgodtgjersle dersom du overnattar privat.

Følgjeperson (ledsager) på reisa

Dersom det er nødvendig med følgjeperson (ledsager) på reisa, må lege eller ridefysioterapeut dokumentere dette.

Når pasienten og følgjepersonen køyrer bil saman, har anten følgjepersonen eller pasienten rett til å få dekt reiseutgifter. Dersom det er brukt rutegåande transport, har både pasient og følgjeperson rett til å få dekt reiseutgiftene.

Følgjepersonen kan søke Helfo om godtgjersle for tapt arbeidsforteneste og legge ved ei bekrefting frå arbeidsgivar om at hen er blitt trekt i lønn. Bekreftinga må innehalde perioden hen er trekt løn for, og tal timar per dag. Det må komme fram i søknaden kven hen har vore følgjeperson for.

Satsen for tapt arbeidsforteneste er 172 kroner per time (2026), og vert gitt for inntil åtte timar per døgn.

Send søknad til Helfo

Du som har hatt reiseutgifter til å frå  ridefysioterapi, elektrolyse- og voksbehandling eller Montebellosenteret kan søkje om å få refundert reiseutgifter.

Du treng desse vedlegga for reiseutgifter til og frå ridefysioterapi:

  • kvitteringar for reiseutlegg (billettar og liknande)
  • bekrefting på gjennomført ridefysioterapi
  • bekrefting frå lege ved behov for følgjeperson (gjeld ikkje for barn under 18 år)
  • bekrefting frå lege eller ridefysioterapeut på at bruk av drosje var medisinsk nødvendig, dersom du har betalt for denne
  • bekrefting frå lege eller ridefysioterapeut på at bruk av bil var medisinsk nødvendig, dersom du søker om å få dekt utgifter til parkering, bilferje, bom og piggdekkavgift

Du treng desse vedlegga for reiseutgifter til og frå elektrolyse- og voksbehandling:

  • kvitteringar for reiseutlegg (billettar og liknande)
  • bekrefting på gjennomført behandling (ikkje nødvendig når behandlinga er førehandsgodkjent av Helfo)
  • bekrefting frå lege ved behov for følgjeperson (gjeld ikkje for barn under 18 år)
  • bekrefting frå lege på at bruk av drosje var medisinsk nødvendig, dersom du har betalt for denne
  • bekrefting frå lege eller ridefysioterapeut på at bruk av bil var medisinsk nødvendig, dersom du søker om å få dekt utgifter til parkering, bilferje, bom og piggdekkavgift

Du treng desse vedlegga for reiseutgifter til og frå kursopphald ved Montebellosenteret:

  • kvitteringar for reiseutlegg (billettar og liknande)
  • bekrefting frå lege ved behov for følgjeperson (gjeld ikkje for barn under 18 år)
  • bekrefting frå lege på at bruk av drosje var medisinsk nødvendig, dersom du har betalt for denne
  • bekrefting frå lege på at bruk av bil var medisinsk nødvendig, dersom du søker om å få dekt utgifter til parkering, bilferje, bom og piggdekkavgift
  • kvittering for betalt kost og overnatting, dersom du har hatt utgifter til det

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du i staden fylle ut

og sende det inn saman med dokumentasjonen og kvitteringar til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Saksbehandlingstid for bidragsreiser og svar på søknad

Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse- og voksbehandling og kursopphald ved Montebellosenteret er inntil åtte veker.

Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysningar, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Du må legge ved alle nødvendige opplysninger når du sender inn søknaden. Da behandler Helfo saken din så raskt vi kan. 

  • Har Helfo har bedt deg ettersende dokumentasjon, eller har du har glemt å sende oss viktige opplysninger? Send kvitteringer, erklæringer, fullmakter eller lignende via lenken under. 
  • Det er svært viktig at du fyller inn saksnummeret til din eksisterende sak i Altinn. Da kan vi behandle saken din raskere. Saksnummeret kan for eksempel se slik ut: «26/0000». 

Logg inn for å ettersende dokumentasjon

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse- og voksbehandling og enkelte kursopphald. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 17. april 2026 [henta onsdag 22. april 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/bidragsreiser/

Sist oppdatert 17. april 2026

Fann du det du lette etter?