Veiledning helsenorge.no
23 32 70 00Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Dersom du har barn med nedsett sugeevne på grunn av leppe-kjeve-ganespalte, kan du få eingongsbidrag frå Helfo til å dekkje utgifter til elektrisk brystpumpe.
Helfo dekkjer utgiftene til elektrisk brystpumpe med inntil 3236 kroner i 2023. (3142 kroner i 2022). Du må sjølv betale for den elektriske brystpumpa, og deretter kan du krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.
Du kan søkje om å få refundert utgifter til elektrisk brystpumpe ved å bruke eit digitalt skjema.
Saman med søknaden må du òg leggje ved
Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema
Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgifta.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden sende inn
saman med legeerklæring og original, spesifisert kvittering. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Søknaden skal sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Sakshandsamingstida i Helfo er inntil åtte veker.
Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.
Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Innholdet er levert av Helfo
Sist oppdatert søndag 1. januar 2023