Behandling, trening eller kurs i utlandet for barn med funksjonsnedsetting

Helfo kan refundere utgifter til bestemte behandlings-, trenings- eller kursopphald i utlandet for barn med funksjonsnedsetting. Helfo kan òg utbetale refusjon til personar som er over 18 år ved oppstart av behandling eller trening.

Ein fysioterapeut behandlar ein pasient.

1

Før du/de reiser

Før første behandlingsopphald må du få ei utsegn (uttalelse) frå legen til barnet som seier om behandlings-, trenings- eller kursopphaldet i utlandet er vurdert som fagleg forsvarleg.

Du må òg få ei utsegn frå regionalt helseføretak om at det eksisterande habiliteringstilbodet i Noreg er mangelfullt.

Du treng ikkje å skaffe ny utsegn frå legen kvar gang du søkjer.

Det er ein føresetnad for dekning at barnet er med på reisa/behandlinga.

Eksempel

Rasmus er fem år og har fleire diagnosar. Foreldra til Rasmus ønskjer at han skal få eit behandlingstilbod tilpassa tilstanden hans. I samarbeid med legen til Rasmus har dei funne eit aktuelt tilbod i USA. Foreldra får ei utsegn frå legen om at tilbodet er fagleg forsvarleg, og ei utsegn frå det regionale helseføretaket om manglande tilbod i Noreg.

2

Aktuelle behandlingstilbod

Helfo kan dekkje nødvendige utgifter til reise og opphald til desse behandlings-, trenings- eller kursopphalda:

  • The Institutes for the Achievement of Human Potential (IAHP) i Philadelphia i USA i samband med trening etter Doman-metoden
  • kurs i Kozijavkin-metoden i Ukraina
  • ABR-tilbod (advanced bio-mechanical rehabilitation) i Europa
  • FHC (The Familiy Hope Center – An International Center for the Development of Children) i Philadelphia i USA

Helfo kan òg dekkje reise- og opphaldsutgifter dersom IAHP-instituttet og FHC arrangerer kurs i Europa.

Eksempel

Rasmus og familien planlegg å reise til FHC i Philadelphia i USA. Dette er eit tilbod Helfo kan dekkje.

3

Kva kan du/de få dekt?

Helfo kan mellom anna dekkje deltakaravgift og nødvendige reise- og opphaldsutgifter.

Helfo kan dekkje nødvendige utgifter til

  • reise og opphald
  • deltakaravgift
  • kost etter kvittering (eller etter takstar dersom det ikkje er mogleg å dokumentere med kvittering)
  • visum (ikkje pass / elektronisk pass)

Eksempel

Foreldra til Rasmus finn ut at dei kan få dekt utgifter til reise og opphald samt deltakaravgift og kost.

4

Kven kan få dekt utgifter?

Helfo kan dekkje utgifter for mellom anna foreldre og barn.

Helfo kan dekkje utgifter for desse:

  • Foreldre og barn.
  • Søsken, dersom det finst program eller tilbod for søsken på kursstaden.
  • Ein følgjeperson, dersom det er behov for andre vaksne i tillegg til foreldre.
  • Meir enn éin følgjeperson, når lege har stadfesta at det er nødvendig. Du må ha ei slik stadfesting (bekreftelse) for kvar reise.
  • Assistent kan vere aktuell følgjeperson når assistenten deltek i den daglege oppfølginga, så framt det er nødvendig at assistenten deltek for at kurset/samlinga skal kunne gjennomførast. Helfo dekkjer ikkje utgifter til assistent som skal delta berre for å få nødvendig opplæring til å følgje opp den daglege treninga etter kursopphaldet.

Helfo dekkjer ikkje utgifter for andre slektningar, barnepassarar eller avlastarar, med mindre dei er med som nødvendige følgjepersonar.

Eksempel

Rasmus og foreldra kan få dekt utgifter til kursopphaldet. Rasmus har ikkje behov for andre vaksne enn foreldra.

5

Du kan søkje om forskot og/eller førehandsgodkjenning

Du kan søkje om forskot til å dekkje utgifter i samband med behandling, trening eller kurs. Du kan eventuelt søkje berre om førehandsgodkjenning.

Dersom du ønskjer å søkje om forskot eller eventuelt berre førehandsgodkjenning, er det viktig at du gjer dette i god tid før reisa. Sakshandsamingstida er normalt minst fem veker. Når Helfo har handsama søknaden, får du eit vedtak.

Dersom du har fått utbetalt forskot og likevel ikkje kan reise, må du melde frå om dette til Helfo. Då må du betale tilbake forskotet.

Om du ikkje ønskjer forskotsutbetaling, er det likevel mogleg å søkje berre om førehandsgodkjenning av refusjon av utgifter. Du må då sjølv leggje ut for utgiftene og sende søknad om refusjon til Helfo i ettertid.

Eksempel

Foreldra til Rasmus finn dokumentasjon på kva reisa og opphaldet kjem til å koste.

6

Husk dokumentasjon!

Her finn du ei oversikt over det du treng av dokumentasjon.

Du treng følgjande dokumentasjon:

  • Ei utsegn (uttalelse) frå barnet sin lege om at om behandlings-, trenings- eller kursopphaldet i utlandet er vurdert som fagleg forsvarleg (du treng ikkje ny utsegn kvar gong du søkjer)
  • Ei utsegn frå regionalt helseføretak om at det eksisterande habiliteringstilbodet i Noreg er mangelfullt (du trenger ikkje ny utsegn kvar gong du søkjer)
  • eventuelt ei stadfesting (bekreftelse) på behov for meir enn éin følgjeperson (du trenger ny for kvar reise)

I tillegg treng du

  • dokumentasjon på forventa nødvendige utgifter dersom du søkjer om førehandsgodkjenning eller forskot
  • spesifiserte kvitteringar for utgifter når du søkjer om refusjon

Eksempel

Foreldra til Rasmus passar på å få tak i dokumentasjonen dei treng.

7

Send søknad digitalt til Helfo

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter behandlings-, trenings- eller kursopphaldet.

Logg inn på Helfos digitale skjema

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om forskot, førehandsgodkjenning eller refusjon

 

For detaljar om dokumentasjonskrav, sjå «Husk dokumentasjon!».

Når søknaden er handsama av Helfo, får du tilsendt eit vedtak. 

Papirskjema

Dersom du skal søkje om refusjon og ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du søkje ved å sende inn

saman med nødvendig dokumentasjon til: Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

Skal du søkje om forskot eller berre førehandsgodkjenning, sender du utsegnene til Helfo. Det finst ikkje noko eige papirskjema du kan bruke til dette.

Eksempel

Foreldra til Rasmus vel å søkje om forskot. Dei sender inn digitalt skjema saman med nødvendig dokumentasjon.

Innholdet er levert av Helfo

Sist oppdatert fredag 4. februar 2022

Fant du det du lette etter?