Når du søkjer om å få refundert utgifter etter at reisa er utført, må du sende inn ein søknad der du legg ved spesifiserte kvitteringar for dei utlegga du har hatt. Dersom du tidlegare ikkje har søkt om forskot, må du òg leggje ved ei utsegn frå kompetansesenter eller sjukehus, informasjon om kurstilbod og dokumentasjon på tilstanden til barnet.
Skal du søkje om forskot eller berre om førehandsgodkjenning, må du ha fått ei utsegn frå kompetansesenter eller sjukehus i Noreg som du legg ved søknaden. Når du søkjer om forskot, må du òg leggje ved dokumentasjon på forventa nødvendige utgifter.
Papirskjema
Når søknaden er handsama av Helfo, får du tilsendt eit vedtak.
Dersom du skal søkje om refusjon og ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du søkje ved å sende inn
saman med nødvendig dokumentasjon til: Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Skal du søkje om forskot eller berre førehandsgodkjenning, sender du utsegnene til Helfo.
Det finst ikkje noko eige skjema du kan bruke til dette.
Eksempel
Foreldra til Pia vel å søkje om forskot. Dei sender inn digitalt skjema saman med nødvendig dokumentasjon.