Ridefysioterapi

Helfo gir bidrag til ridefysioterapi (terapiriding hos fysioterapeut) når visse vilkår er oppfylte.

Jente med hest

​Dette gjeld personar med medfødd eller erverva sjukdom/funksjonshemming som gir rørsle-, balanse- og/eller koordineringsvanskar, eller personar med ei fysisk eller psykisk funksjonshemming som gjer at vanlege aktivitetar ikkje gir ein rimeleg grad av fysisk utfolding.

Vilkår for å få bidrag til dekning av utgifter til ridefysioterapi

Det er ikkje lenger eit krav om tilvising frå lege, manuellterapeut eller kiropraktor for å få bidrag til ridefysioterapi, med verknad frå 1. juli 2021.

Bidraget utgjer fra 1. juli 2021 inntil 329 kroner per behandling. Det kan givast bidrag til maksimalt 30 behandlingar per kalenderår. Individuell undersøking ved oppstart av inngår i dei 30 behandlingane.

Du kan måtte betale ekstra for leige av hest og stall. Dette får du ikkje dekt av Helfo.

Frå 1. juli 2021 er det krav om at ridefysioterapeuten har direkteoppgjer med Helfo.  Med direkteoppgjer blir bidraget utbetalt direkte til ridefysioterapeuten, slik at du ikkje treng å søke Helfo om refusjon.

Søk Helfo om bidrag til behandling utført før 1. juli 2021

For behandling utført før 1. juli 2021 hos ein ridefysioterapeut som ikkje har direkteoppgjer, må du betale for behandlinga sjølv og deretter søke Helfo om bidrag til dekning. Dette gjeld behandling utført før 1. juli 2021. Søknaden må sendast til Helfo seinast 30. juni 2022.

Du kan søkje om å få refundert utgiftene ved å bruke eit digitalt skjema. Les om digitalt skjema her.

For å få dekt utgiftene dine til behandlingar utført før 1. juli 2021 må du legge ved

  • rekning frå ridefysioterapeut
  • tilvising til ridefysioterapeut
  • kvittering/dokumentasjon på at rekninga er betalt

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn rekning frå fysioterapeut saman med tilvising til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Du kan og få dekka utgifter til reisa

Helfo dekkjer òg reiseutgiftene til og frå ridefysioterapeuten dersom behandlaren har direkteoppgjer med Helfo. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter at behandlinga blei gjennomført.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og nokre rekreasjonsopphald».

Du kan sende inn digitalt skjema for utgifter til ridefysioterapi og reise.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontakter du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.