Dine rettar når du er unnfanga ved hjelp av ein sæddonor i Noreg etter 1. januar 2005
Sæddonorar kan ikkje vere anonyme. Du har rett til å få informasjon om identiteten til donoren din dersom:
- Assistert befruktning med donorsæd blei gjort etter 1. januar 2005.
- Behandlinga blei gjort i Noreg.
- Du har fylt 18 år.
Du må logge deg på Egg- og sæddonorregisteret for å få informasjon om donoren sin identitet.
Det er berre du som er fødd etter behandling med donoregg eller donorsæd som kan få vite identiteten til donoren. Du treng berre å få vite det dersom du sjølv ønskjer. Foreldre til ein donorunnfanga skal ikkje ha informasjon som kan identifisere donoren.
Informasjon om donorane blir lagra i registeret i minst 100 år. Du kan søke etter informasjon i registeret etter at du har fylt 18 år, og gjennom heile livet.
Dersom du vart unnfanga ved hjelp av donorsæd etter 2005, har foreldra dine fått informasjon om kor viktig det er å fortelje deg om dette. Frå 2021 har foreldre som får barn ved hjelp av ein donor plikt til å fortelje barnet om dette.
Dine rettar når du er unnfanga ved hjelp av eggdonor etter 1. januar 2021
Eggdonorar kan ikkje vere anonyme. Du har rett til å få informasjon om identiteten til donoren din dersom:
- Du er blitt til ved hjelp av behandling med eggdonasjon etter 1. januar 2021.
- Behandlinga blei gjort i Noreg.
- Du har fylt 15 år.
Eggdonasjon til par blei lovleg i Noreg i 2021. Informasjon om identiteten til eggdonorane vil derfor vere tilgjengeleg frå 2036.
Foreldre som får barn ved hjelp av ein donor plikt til å fortelje barnet om dette.
Informasjon om sæddonor i registeret
Viss donorsæden kjem frå ein norsk sædbank, kan du få informasjon om
- namnet til donor
- fødselsdato
- personnummer
Viss klinikken i Noreg har nytta donorsæd frå ein utanlandsk sædbank, kan du få informasjon om
- namnet til donor
- donors fødselsdato
- personnummer eller anna unik identifikator
- kva for land donor kjem frå
- namnet på utanlandsk sædbank som har levert sæden
Personnummeret til donoren er konfidensiell informasjon. Om du får dette, skal du ikkje gi det vidare til andre.
Dette bør du tenkje gjennom før du søker informasjon
- Kva slags forventingar har du?
- Har du nokon du kan snakke med når du har fått svar? Det kan vere familie, vener eller fastlege.
- Korleis vil du reagere på informasjonen du får?
- Dersom du har søsken, kan dei ha blitt til ved hjelp av den same donoren. Søskena dine har også rett til å velje om dei vil ha informasjon om donoren eller ikkje. Korleis vil du handtere det?
- Ønskjer du å ta kontakt med donoren, er det viktig at du er klar over at hen ikkje har plikt til å svare deg.
- I nokre tilfelle kan donoren vere ein person du kjenner til.
- Du kan få informasjon om at donoren din er død. Kva tenkjer du om det?
- Lova gir deg ikkje rett til informasjon om andre barn som er fødde ved hjelp av sæd eller egg frå den same donoren.
Dette bør du vita om donoren
- Donoren har donert sædceller eller egg for å hjelpe personar som ikkje kan få barn på annan måte.
- Donoren veit ikkje om det er født barn etter bruk av sæden eller egget som hen har donert. Donoren har ikkje rett til informasjon om deg eller foreldra dine.
- Donoren har sagt ja til at barna som er født får informasjon om donoren sin identitet.
- Donoren har sagt ja til å bli kontakta dersom barna ønskjer det, men har ikkje forplikta seg til å svare.
- Donoren blir ikkje varsla om at du har fått informasjon om identiteten.
- Det er berre du som er fødd med hjelp av donorsæd eller donoregg som har rett til å få vite identiteten til donor.
- Donoren har ingen juridiske plikter overfor deg. Du har for eksempel ikkje rett til arv frå hen.
- Donor må fortelje legen på klinikken om eiga helse. Ved fare for alvorleg arveleg sjukdom, kan hen ikkje bli donor.
Les meir om kva det inneber å vere donor.
Logg deg inn for å søke i registeret
Hvis du ikkje har BankID, kan du logge deg inn på nettstaden til Altinn via ID-porten, og fylle ut eit skjema der.
Dersom du blei unnfanga ved hjelp av donor før 2005 eller utanfor Norge
Før 2005 var det lov å bruke anonyme donorar i Noreg. Dersom foreldra dine har fått behandling med donorsæd før 1. januar 2005, finns det ikkje informasjon om donoren din i registeret.
Registeret i Norge har heller ikkje informasjon om donoren viss foreldra dine har fått behandling med donorsæd eller donoregg i utlandet.
Kven kan du kontakte dersom du har spørsmål?
Folkehelseinstituttet har ansvar for registeret, sjå Egg- og sæddonorregisteret (fhi.no)
Helsedirektoratet kan svare på spørsmål om regelverk som gjeld for egg- og sæddonorregisteret. Du bør ikkje skrive personsensitiv informasjon i ein e-post.
Kan det være feil i registeret?
Det er klinikken som har behandla foreldra dine som skal registrere opplysningar om donor, og sikre at opplysningane er korrekte. Dei må også registrere mor sitt fødselsnummer og dato for behandlinga. Dette skal gi korrekt informasjon om kven som er din donor. Det er likevel ikkje 100 prosent sikring mot at klinikkane kan gjere feil. Dersom klinikkane oppdagar feil, kan Helsedirektoratet bidra med å rette opp.
Her kan du lese om Helsedirektoratets krav til egg- og sædbankar som rekrutterer og registerer donorar.
Treng du nokon å prate med?
Dersom du ønskjer å snakke med nokon andre enn familie og venner, er det fleire moglegheiter:
Nyttige nettstader
- Familievernet - familiehjelpen for alle (bufdir.no)
- Offentleg og kvalitetssikra informasjon for ungdom (ung.no)
- Bioteknologirådets temaside om assistert befruktning (bioteknologiradet.no)
- Nettstad for og om barn unnfanga ved hjelp av donor (wearedonorconceived.com)
- Treng du nokon å snakke med? (psykologforeningen.no)

Hvordan snakke med barn om at de har blitt til ved hjelp av en donor
Dersom du har fått barn ved hjelp av egg- eller sæddonasjon, har du plikt til å fortelle barnet om hvordan det ble til. Det er fint å begynne tidlig.
Illustrasjon: Elin Brander/Artistica