Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Pasientar som er avhengige av heroin eller morfin, kan få behandling med opioidhaldige legemiddel i kombinasjon med andre rehabiliteringstiltak. Behandling med slike legemiddel bidrar til auka levealder, reduksjon i rusmiddelforbruket til pasienten og betre livskvalitet.

Kva er LAR?

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er ein del av Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i spesialisthelsetenesta. Du kan bli tilvist til LAR frå fastlegen din, frå psykolog, frå helse- og sosialtenesta i kommunen eller frå anna spesialisthelseteneste.

Lege eller psykolog i TSB vil vurdere om du oppfyller kriteria for opioidavhengigheit, blant anna ut frå kor mykje og kor lenge du har brukt heroin/morfin.

Målet med LAR er at kvar enkelt pasient skal oppnå best mogleg helse, funksjons- og meistringsevne og livskvalitet. I tillegg er det eit mål å redusere skadane av opioidbruk og faren for overdosedødsfall.

Pasientar som ikkje oppfyller kriteria for LAR, eller som ønsker anna behandling, kan få tilbod om gradvis nedtrapping kombinert med støttesamtalar.

Oppfølging i LAR

Ved oppstart i LAR vil du få tilbod om ei heilskapleg rehabilitering, som i tillegg til medisin kan omfatte hjelp til bustad, aktivitet, utdanning, arbeid og nettverk.

Du har rett til ein individuell plan, og det vil normalt bli oppretta ei ansvarsgruppe for deg. Ansvarsgruppa kan til dømes bestå av ruskonsulent frå kommunen, fastlegen din og LAR-konsulent, i tillegg til deg sjølv.

Det skal leggast stor vekt på kva som er måla dine, og kva som er viktig for deg.

Rehabilitering i LAR er for dei fleste ei langvarig behandling som kan vare heile livet. LAR er eit samarbeid mellom pasienten, spesialisthelsetenesta, sosialtenesta i kommunen og fastlegen til pasienten.

Behandlinga skal tilpassast ønska og behova til kvar enkelt, og vil variere avhengig av dette. Det er viktig at pasienten faktisk medverkar i si eiga behandling og tilfriskning.

Legemiddel som blir brukte i LAR

I hovudsak blir det brukt to morfinliknande legemiddel i LAR: buprenorfin og metadon. Både buprenorfin og metadon har vist seg å vere effektive legemiddel i LAR, og begge har vore brukt i mange år.

Nokre få pasientar kan oppleve biverknadar av metadon eller buprenorfin. Det skal leggast vekt på pasienten sine erfaringar, ønske og behov ved val av legemiddel og behandlingsplan, og for pasientar som har vesentlege biverknadar, kan ein vurdere å bruke langtidsverkande morfin i staden.

Det er legen i LAR som tek den endelege avgjerda.

Lavterskel-LAR

For nokre rusmiddelavhengige pasientar kan det vere vanskeleg å delta i LAR slik det ordinære tilbodet er organisert. I dei største byane er det difor etablert eit lavterskeltilbod som pasienten kan oppsøke utan tilvising frå lege eller andre.

Lavterskel-LAR-einingar er innretta slik at pasienten kan få tilbod om opptrapping. For nokre rusmiddelavhengige pasientar kan det vere vanskeleg å delta i LAR slik det ordinære tilbodet er organisert.

I dei største byane er det difor etablert eit lavterskeltilbod som pasienten kan oppsøke utan tilvising frå lege eller andre. 

Du kan lese meir om lavterskel-LAR i denne rapporten frå SERAF.

Forsking på LAR

LAR bidrar til å redusere dødstal og hindre overdosar, og pasientar i LAR har ein stor nedgang i kriminalitet samanlikna med tidlegare.

Du finn meir informasjon om forskning på LAR på denne sida frå Universitetet i Oslo.

proLAR Nett - Nasjonalt forbund for folk i LAR

Brukerorganisasjonen proLAR Nett er av og for brukere av LAR.

RUSinfo

915 08 588

Hverdager kl. 11:00 - 18:00

Ring eller chat med RUSinfo helt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.

Ivareta – pårørende berørt av rus

800 40 567

Trenger du råd eller noen å snakke med? Ring støttetelefonen for pårørende.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 13. juni 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rus-og-avhengighet/legemiddelassistert-behandling-lar/

Sist oppdatert måndag 13. juni 2022