Alternativ behandling

Alternativ behandling er helserelatert behandling som blir utøvd utanfor helse- og omsorgstenesta, og som ikkje blir utøvd av autorisert helsepersonell.

Bilde av en kvinne som får kopping-behandling

I Noreg reknar vi alternativ behandling eksempelvis som akupunktur, kopping, aromaterapi, hypnose, homøopati og tradisjonell kinesisk medisin.

Alle som driv med alternativ behandling, har teieplikt.

Kva har alternative behandlarar lov til?

Alternative behandlarar har lov til å dempe symptom eller biverknader av behandling.

Alternative behandlarar har lov til å gje behandling som styrkjer immunforsvaret eller evna kroppen har til å lækje seg sjølv.

Kva har alternative behandlarar ikkje lov til?

Alternative behandlarar har ikkje lov til å utføre medisinske inngrep eller gje behandling som kan føre til alvorleg helserisiko for pasienten. Dei kan ikkje behandle ålmennfarlege smittsame sjukdomar eller andre alvorlege sjukdomar og lidingar.

Alternative behandlarar som gjev behandling dei ikkje har lov til, kan straffast.

Reduserte rettar

Pasientar som får alternativ behandling, har ikkje dei same rettane som pasientar som får behandling frå helse-omsorgstenesta.

Alternative behandlarar skal følgje lov om alternativ behandling av sjukdom. Lova stiller til dømes ikkje krav om at behandlinga skal vere forsvarleg. Det gjev deg som pasient reduserte rettar.

Når helse- og omsorgspersonell gjev alternativ behandling

Helse- og omsorgspersonell skal alltid følgje  helsepersonellova. Dei har plikt til å opptre fagleg forsvarleg som helsepersonell.

Når helsepersonell gjev alternativ behandling innanfor eller utanfor ein helseinstitusjon, har du som får behandlinga, dei same rettane som andre pasientar.

Klage på alternativ behandling

Dei som tilbyr alternativ behandling, er ikkje underlagde offentleg tilsyn. Det tyder at det ikkje er ein offentleg instans du kan klage til.

Unntaket er dersom behandlaren er autorisert helsepersonell eller det er helse- og omsorgstenesta som gjev behandlinga. Då kan du klage til Statsforvaltaren.

Brønnøysundregisteret har eit register over utøvarar av alternativ behandling. Alle behandlarar som er oppførte i registeret, er knytte til ein utøvarorganisasjon. Utøvarorganisasjonane skal ha klageordningar. Om du vil klage på ei behandling, skal ho sendast til utøvarorganisasjonen den alternative behandlaren høyrer til.

Anna tilsyn

Du kan kontakte Mattilsynet og Direktoratet for medisinske produkter (tidligere legemiddelverket) om marknadsføring av kosttilskot, naturpreparat og legemiddel. I tillegg har Forbrukertilsynet utarbeidd retningslinjer for marknadsføring av alternativ behandling..

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har tilsyn med bruk av laser og lysutstyr som blir brukte av alternative behandlarar. Les meir om laser- og lysbehandlingar hos DSA.

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Alternativ behandling . [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 juovlamánnu 1, duorasdat [vižžon 2024 cuoŋománnu 25, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/behandlere/alternativ-behandling/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 juovlamánnu 1, duorasdat