Migrenemedisin tilgjengeleg på blå resept

Du som har kronisk migrene kan få individuell stønad til Aimovig, Ajovy, Aquipta og Emgality.

Søknaden om individuell stønad til Aimovig, Ajovy, Aquipta og Emgality må komme frå ein spesialist i nevrologi eller ein lege ved eit offentleg sjukehus. Legen/spesialisten søker Helfo på vegne av deg som er pasient.

For barn under 18 år kan søknaden komme frå ein barnelege. 

Kven kan få stønad?

For å få desse legemidla på blå resept, må du ha kronisk migrene.

  • Kronisk migrene er definert ved minst 15 dagar med hovudverk (hodepine) kvar månad, de minst 8 dagar er migrenedagar, over ei periode på meir enn 3 månader.
  • Du må også ha forsøkt minst tre forebyggende legemiddel mot migrene. Behandlinga med disse må ha vore utan tilstrekkeleg effekt, eller med biverknader. Legen din kan vurdere å søke om unntak frå dette kravet, dersom det er tungtvegande medisinske årsaker til at minst tre førebyggande legemiddel ikkje kan nyttast.

Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Legemiddelverket) har bestemt kva legemiddel du må ha forsøkt før du kan få innvilga stønad til Aimovig, Ajovy, Aquipta eller Emgality.

Du finn oversikten over kva slags hvilke legemidler som må være forsøkt på helfo.no.

Vedtaket normalt gyldig i eitt år

Vedtak om individuell stønad til desse legemidla er som hovudregel gyldig i eitt år. Dersom du skal fortsette med behandlinga lenger enn dette, må legen din sende ein ny søknad for at du framleis skal få dekka behandlinga på blå resept.

Dersom du har eit vedtak frå før 22. oktober 2020, vil dette vedtaket ikkje være tidsavgrensa til eitt år, og legen din trenger ikkje søke på nytt. 

Justeringene fra 1. april 2022 er reversert

I vedtaka frå Helfo som er fatta mellom 1. april og 31. desember 2022 er det krav til ei behandlingspause seinast 18 månader etter oppstart. Det er bestemt at frå 1. januar 2023 skal det være opp til den enkelte spesialisten å bestemme tidspunktet for slike behandlingspausar.

Migrene

Migrene er en kronisk sykdom som gir tilbakevendende moderat til alvorlig hodepine. Migrene kan være svært smertefullt, men det finnes god behandling.

Refusjon av utgifter til migrenemedisin

Dersom søknaden blir innvilga, kan du søke om refusjon for utgifter du har hatt til desse legemidla. Då må du sende spesifiserte kvitteringar frå apotek til Helfo innan 6 månader frå kvar enkelt kjøpsdato.

Resepter og medisiner

Her får du informasjon om hvordan du kan hente ut og fornye resepter på vegne av deg selv og andre. Du kan også lese om hvordan du får medisiner på blå resept.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Árgabeivviid d. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Migrenemedisin tilgjengeleg på blå resept. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 geassemánnu 14, bearjadat [vižžon 2025 miessemánnu 22, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/betaling-for-helsetjenester/migrene-medisin-pa-bla-resept/

Sist oppdatert 2024 geassemánnu 14, bearjadat