Keisarsnitt

Eit keisarsnitt kan vere planlagt eller akutt, men det skal berre utførast når det er heilt nødvendig, og det er ein medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.

Keisersnitt

Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt enten umiddelbart eller på lengre sikt.

Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet. Det vil seie at den gravide kan ikkje krevje å få utført keisarsnitt utan at det ligg føre ein medisinsk årsak. Medisinske årsaker inkluderer også psykiske lidelser.

Planlagt keisarsnitt

Om det blir bestemt at du skal forløysast med keisarsnitt, vil barnet bli fødd litt før termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal utførast, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, avhengig av kva som er grunnen til operasjonen.

Når datoen for keisarsnittet er bestemt, vil du få informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar som må gjerast i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen.

Det er vanleg at du må møte på sjukehuset dagen før eller nokon dagar før operasjonen for å ta blodprøvar, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Nokon drar heim etter dette og kjem tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen, medan andre blir på sjukehuset natt til operasjonsdagen.

Baby blir født ved hjelp av keisersnitt.

Bedøving

Ved planlagt keisarsnitt er det vanlegaste at du får epidural- eller spinalbedøving. Du kan vere vaken under operasjonen, men du kan ikkje sjå kva legene gjer og du kjenner ikkje smerte. Då får du høyre barnets første skrik, du får sjå og om mogeleg halde barnet umiddelbart etter det er fødd. Følgjepersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.

Fysisk hudkontakt mellom mor og barn like etter fødselen er viktig for å etablere amming og tilknyting. Ved keisarsnitt forsøker sjukehuset, så langt det er mogeleg, å legge til rette for dette.

Med det same barnet er født, blir det tørka og lagt på brystet ditt om du er i form til det. Det er godt for mor og barn å liggje hud mot hud.

Baby rett etter keisersnitt.

Akutt keisersnitt

Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.

Den største forskjellen på eit planlagt og eit akutt keisarsnitt for deg og din følgjeperson, er tida personalet har til å førebu og informere om kva som skal skje.

Om situasjonen til barnet eller deg er slik at inngrepet må skje med ein gong, er rask handling viktig. Det gjer at tid til informasjon og forklaring på kva som skjer ikkje blir optimal. Då vil informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor bli gitt etter operasjonen.

Etter keisarsnittet

Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med mor og vurdert ut i frå hennar og barnets behov.

Operasjonssåret etter keisarsnittet

Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er:

  • Raudflamma og irritert hud rundt såret
  • Hevelse
  • Væske frå såret
  • Feber eller smerter

Om du observerer nokon av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege. Alle kvinner som er forløyst med keisarsnitt vil få eit spørjeskjema ca. 4-6 veker etter operasjonen med spørsmål om forløpet, særleg om det har vore teikn til infeksjon etter operasjonen.

Dei første seks vekene etter operasjonen

Operasjonssåret bør ikkje bli belasta dei første seks vekene etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:

  • Unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask.
  • Unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og liknande.
  • Du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker.
  • Hald på operasjonssåret når du hostar og nys.

Reaksjonar etter keisarsnitt

Etter ein fødsel vil du kunne sitte igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Dette gjeld kanskje særleg når fødselen ikkje skjer som forventa. Du kan òg få ein psykisk og/eller fysisk reaksjon.

Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor eller lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønskjer ein gjennomgang av fødselsforløpet.

Aktivitet og kvile etter keisarsnitt

I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt at du tar degfleire gode kvilestunder kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips til gode kvilestillingar.

Det er flott at du bevegar deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna sjølv, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.

Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har født ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har født på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Sisdoalu lea almmuhan Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Keisarsnitt. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 geassemánnu 13, vuossárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 19, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/fodsel/keisersnitt/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 geassemánnu 13, vuossárga