Grønnrenner

Grønnrenner (Chlorophytum comosum) er ei plante i aspargesfamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Plante lange, grønne, båndformede blader med hvit stripe nedover bladet

Grønnrenner er ei ufarleg plante å smake på.

Symptom ved forgiftning med grønnrenner

Grønnrenner er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med grønnrenner

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av grønnrenner

Grønnrenner er ei fleirårig urt i aspargesfamilien. Ho har lange, bandforma blad og kan ha små, kvite blomar.

​Grønnrenner kjem opprinneleg frå Sør-Afrika. Kultivarar med kvitstripa blad er vanlege potteplanter.

Plante med lange, båndformede blader som henger

Sisdoalu lea almmuhan Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Grønnrenner. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2021 miessemánnu 6, duorasdat [vižžon 2024 cuoŋománnu 20, lávvardat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/gronnrenne/

Maŋimusat ođastuvvon 2021 miessemánnu 6, duorasdat