Hestekastanje er ei giftig plante

Hestekastanje (Aesculus hippocastanum) inneheld irriterande komponentar, truleg mest i kastanjane. Kontakt Giftinformasjonen for råd dersom du har ete meir enn 1 kastanje.

Blomstertopper i en hvitrosa farge

Illustrasjonsbilete av blømande hestekastanje.

Symptom ved forgifting med hestekastanje

Symptoma kjem ofte innan ein time, men lengre tid er mogleg. Du kan få følgjande symptom:

  • oppkast
  • magesmerter
  • diaré

Ved store inntak kan andre symptom oppstå, men Giftinformasjonen har avgrensa erfaring med større inntak.

Alvorleg forgifting etter inntak er uvanleg.

Førstehjelp ved forgifting med hestekastanje

  • Fjern restar frå munnen og gi litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) ved inntak over 1 kastanje

Skildring av hestekastanje

​Hestekastanje er eit lauvfellande tre i lønnefamilien som kan bli opptil 20 meter høgt. Blada sit motsett, 5–7-kopla. Blometoppane har kvite kronblad med ein flekk ved grunnen som først er gul, deretter raud.

Kapselen er kulerund med piggar. Inni kapselen finn ein frøet (kastanjen). Kvart frø kan bli ca. 3 cm i diameter og har ein bleik navleflekk.

Stort tre av hestekastanje voksende i grønne omgivelser

Rund kapsel med pigger og runde brune frø som er kastanjer

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Sisdoalu lea almmuhan Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Hestekastanje er ei giftig plante. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 geassemánnu 15, gaskavahkku [vižžon 2024 cuoŋománnu 19, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/hestekastanje/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 geassemánnu 15, gaskavahkku