Klematis

Klematis (Clematis sp.) inneheld irriterande plantesaft. Små inntak gir oftast milde symptom. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd om vidare oppfølging dersom barnet ditt har ete meir enn ein smakebit av klematis.

Åpen blomst med rosa og lyserosa farge og grønne blader

Symptom ved forgiftning med klematis

  • ​Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgiftning med klematis

  • ​Fjern eventuelle planterestar fra munnen
  • Gi litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn ein smakebit av klematis

Skildring av klematis

​Klematis høyrer til rankeslekta og er ei svært populær hageplante. Planta er gjerne ei klatreplante med trehard stengel, men kan vere alt frå små planter som strekk seg opp nokre titalls centimeter, til ei slyngplante på mange meter.

Blomane kan variere i farge og form. Det finnast variasjoner av blå, fiolette, gule, raude og kvite blomar. Nokre er opne, medan andre kan vere meir klokkeforma.

Planta er kjent for å smake vondt.

Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnåpen telefon.

Sisdoalu lea almmuhan Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Klematis. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2021 geassemánnu 9, gaskavahkku [vižžon 2024 cuoŋománnu 20, lávvardat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/klematis/

Maŋimusat ođastuvvon 2021 geassemánnu 9, gaskavahkku