Lavendel
Lavendel (Lavandula angustifolia) er ei lite farleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Jolanta Michels-Mayerberg / Mostphotos
Førstehjelp ved uhell med lavendel
Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av lavendel
Lavendel er ei fleirårig plante / ein liten busk som blir om lag 20–60 cm høg. Planta har blålilla blomar som veks på noko som minner om aks. Blomane har ei tydeleg duft, som er lett å kjenne att.