Nellik
Nellik (Dianthus sp.) er ei lite farleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak. Ta kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete store mengder plantemateriale.

Illustrasjon: Colourbox
Symptom ved uhell med nellik
Ein liten smak gir vanlegvis ikkje symptom.
Førstehjelp ved uhell med nellik
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi litt å drikke.
- Ta kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete store mengder plantemateriale.
Skildring av nellik
Nellikslekta (Dianthus) omfattar mange artar med varierande utsjånad. Dei er eitt- til fleirårige planter med velduftande blomar. Blomane sit enkeltvis eller i kvastar. Blada er smale og noko samanvaksne ved basis.

Illustrasjon: Михайло Павленко / Mostphotos