Pengetre

Pengetre (Crassula ovata) er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Planten har tykke, grønne blader.

Pengetre høyrer til Crassula-slekta. Felles for slekta er at plantene er relativt ufarlege å smake på. Et du store mengder plantemateriale, kan det likevel gi magesmerter og diaré.

Førstehjelp ved uhell med pengetre

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete større mengder plantemateriale.

Beskriving av pengetre

​Pengetre er ei robust og tjukkblada potteplante. Blada kan ha ein tynn, litt raudleg kant. Stengelen er gjerne kjøtfull og held på væske, slik at planta kan klare seg ei stund utan vatning.

Sisdoalu lea almmuhan Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Pengetre. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2021 borgemánnu 17, maŋŋebárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 25, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/pengetre/

Maŋimusat ođastuvvon 2021 borgemánnu 17, maŋŋebárga