Yucca
Yuccaartar er lite farlege planter, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
Yucca har spisse blad som ein kan stikke seg på.
Førstehjelp ved uhell med yucca
Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av yucca
Det finst mange artar av yucca, blant anna yuccapalme og spansk bajonett. Yuccaartane har sverdforma, skarpe blad arrangert i rosettar i toppen av stammer som har brune skjelblad. Som dyrka planter blømer dei sjeldan.