Parfyme

Parfyme kan vere irriterande for auga. Ein liten smak av parfyme er ofte lite farleg, men vil vere avhengig av mengda som er svelgd.

Ulike parfymeflasker med innhold

Parfyme kan gi irritasjonssymptom som svie og raudne på auget.

Ulike variantar av parfymar

Parfyme, etterbarberingsvatn (aftershave), eau de toilette, eau de cologne og liknande produkt som skal gi god lukt, inneheld ofte etanol (alkohol) og parfymestoff.

Symptom ved svelging av parfyme

Svelging av parfyme kan gi irritasjon i munn og/eller mage. Inntak kan difor føre til kvalme og oppkast.

Symptom utover magesymptomar skuldast ofte at inntaket er større, og gir forgiftning frå etanol eller andre stoff tilsatt i parfymen.

Førstehjelp ved svelging av parfyme

  • Gi litt drikke
  • Ved inntak av meir enn ei 1/2 teskei skal du kontakte Giftinformasjonen for vurdering og råd
  • Ved meir enn heilt lette symptom skal du kontakte lege/legevakt.

Er du usikker på kor mykje det kan vere i ein sprut frå parfymeflaska, kan du prøve å spraye ein gong i ei teskei for å sjå.

Ved sprut av parfyme i auge

Parfyme inneheld stoff som verkar irriterande og kan føre til svie og raudne på auget.

  • Fjern eventuelle kontaktlinser
  • Skyl godt med rennande lunka vatn i 2–5 minutt
  • Kontakt lege ved vedvarande ubehag

Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnåpen telefon.

Sisdoalu lea almmuhan Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Parfyme. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 ođđajagemánnu 18, duorasdat [vižžon 2024 miessemánnu 18, lávvardat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/parfyme/

Maŋimusat ođastuvvon 2024 ođđajagemánnu 18, duorasdat